Samferdselsminister Liv Signe Navarsete diskuterte i dag klimautfordringane og det aukande energibehovet i verda med  transportministrar frå OECD-området på ein konferanse i Leipzig.

- Det er viktig at vi politikarar set tydelege mål og arbeider saman med industrien og forskingsmiljøa slik at vi saman kan redusere utsleppa av klimagassar. Eg trur det er viktig å bruke både pisk og gulrot. Vi må vise politisk leiarskap og gjennomføre tiltak som vi gje resultat både på kort og på lang sikt, sa samferdselsministeren.

Dette er det første møtet i International Transport Forum, som er utvikla frå det tidlegare European Conference of Ministers of Transport. Meir enn 50 transportministrar frå OECD-landa, i tillegg til India, Kina og Brasil, er med på møtet i Leipzig.

Samferdselsministeren var deltakar i hovudpanelet som vart leia av den nederlandske transportministeren Camiel Eurlings. Panelet hadde i tillegg representantar frå olje- og energisektoren, luftfarten og bilindustrien.

Mellom innleiarane var også Rajendra Pachauri, nobelprisvinnar og leiar av FN sitt klimapanel. Inviterte deltakarar frå forsking, undervising, næringsliv, fagrørsle og ikkje-statlege organisasjonar var også til stades. Den tyske  forbundskanslaren Angela Merkel understreka i sitt innlegg at klimaendringane er så godt dokumenterte at det no er tid for handling. 

- Transportsektoren står for 23 prosent av dei globale klimautsleppa. Konklusjonane frå det internasjonale transportforumet vil difor bli ein viktig del av grunnlaget for klimatoppmøtet i København i 2009, seier samferdselsministeren.

Meir informasjon: