Ein ny rapport rår til å vidareføre statlege tilskot til ei prøveordning som skal stimulere til betre kollektivtransport i distrikta. Ordninga bør heretter gjerast meir målretta og langsiktig, heiter det i rapporten.

Prøveordninga ”Kollektivtransport i distrikta (KID)” skal fremje eit effektivt og godt kollektivtilbod i distrikta gjennom samordning av ressursar og verkemiddel. Tiltaka som vert sette i verk, skal ha overføringsverdi til andre område og regionar.

- God kollektivtransport er ein vesentleg del av velferda for folk i heile landet, og regjeringa vil arbeide vidare for effektive løysingar som er tilpassa folk sine behov, seier politisk rådgjevar i Samferdselsdepartementet Sigrid Brattabø Handegard.

- Rapporten slår fast at mange av brukarane av prosjekt som kjem inn under ordninga er godt nøgde med tilbodet. Vi skal no gå grundig gjennom rapporten om dagens ordning, for å sjå korleis arbeidet skal følgjast opp vidare.

Sidan 2007 har Samferdselsdepartementet  brukt vel 70 millionar kroner på den såkalla KID-ordninga, som mellom anna omfattar tilbringartenester, bestillingsruter, uvikling av knutepunkt for kollektivtransporten, betre samordning mellom ulike transporttilbod og betre informasjon om reisetilbod og billett- og takstsystem. 

Det er Urbanet  Analyse og NIVI Analyse som har laga rapporten, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.

Les rapporten

Sjå også: