Ny rapport: Innspel frå næringslivet til arbeidet med ny Nasjonal transportplan
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Nyheit | Dato: 26.10.2011
I samband med arbeidet med ny Nasjonal transportplan (NTP) for 2014-2023 har Samferdselsdepartementet hatt fleire dialogmøte med norsk næringsliv. Desse møta er no oppsummerte i ein rapport.
I samband med arbeidet med ny Nasjonal transportplan (NTP) for 2014-2023 har Samferdselsdepartementet hatt fleire dialogmøte med norsk næringsliv. Desse møta er no oppsummerte i ein rapport som samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa har fått overlevert.
- Skal regjeringa lukkast med å betra infrastrukturen, er det viktig å lytta til dei som bokstavleg talt har ”skoen på”, seier Kleppa i samband med overleveringa.
- Oppsummeringa fortel om konstruktive dialogmøte og nyttige innspel i arbeidet med ny Nasjonal transportplan. Takk for svært godt arbeid til alle som har vore med på møta, og til Erling Sæther som har skrive oppsummeringa.
Samferdselsetatane (Statens vegvesen, Jernbaneverket, Kystverket og Avinor AS) legg fram sitt forslag til ny Nasjonal transportplan 2014-2023 29. februar 2012. Regjeringa går så i gang med stortingsmeldinga om ny transportplan. Den skal vera klar våren 2013.