Historisk arkiv

Rapport frå Difi om transportinfrastruktur i Norden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har på oppdrag frå Samferdseldepartementet kartlagt korleis transportinfrastrukturen vert forvalta og er organisert i dei andre nordiske landa. No er rapporten klar.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har på oppdrag frå Samferdseldepartementet kartlagt korleis transportinfrastrukturen vert forvalta og er organisert i dei andre nordiske landa.

- Eg er oppteken av mest mogleg samferdsel for pengane. Det inneber at vi heile tida må sjå på korleis vi kan styrka samspel, samarbeid og samordning  mellom dei ulike transportformene. Det er store utfordringar innan vedlikehald og utbygging innan veg og bane som samstundes skal ivaretakast, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at rapporten no er lagt fram.

- Samordning og samarbeid er avgjerande viktig både i arbeidet med Nasjonal transportplan og i plan- og utbyggingssamanheng for einskildprosjekt. Rapporten Difi no har utarbeidd  for Samferdselsdepartementet, vil gi oss høve til å gå nærare inn i erfaringane frå dei andre nordiske landa, samstundes som den er ein reiskap for eit kritisk og konstruktivt blikk på eiga verksemd. Vi skal no studera rapporten nøye og sjå kva det kan vera å henta for arbeidet vårt vidare.

Les rapporten (pdf)