Ny rapport om finansierings- og organisasjonsformer for transportinfrastruktur
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Nyheit | Dato: 21.05.2012
På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har Vista Analyse utarbeidd rapporten ”Finansiering, effektivitet og styring – Alternative finansierings- og organisasjonsformer for transportinfrastruktur”. Rapporten er eitt av fleire prosjekt innanfor departementet sitt Program for overordna transportforsking, POT.

- Rapporten er eit viktig bidrag til vidare arbeid og offentleg ordskifte som gjeld Nasjonal transportplan og ulike organisasjons- og finansieringsformer for infrastruktur. Både positive og negative sider ved ulike løysingar og ordningar kjem fram i rapporten, og han legg såleis til ein meir nyansert debatt, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
- Internasjonale erfaringar er ikkje eintydige – biletet er meir samansett enn det ein stundom kan få inntrykk av ved å følgja vårt heimlege ordskifte. Rapporten peikar på at alternative finansieringsformer – det vil seia utanom offentlege budsjett – er mykje brukte i land som sjølv har store underskott i statlege budsjett. I Noreg er vi i ein annan situasjon, vi har overskott. Rapporten viser elles kor viktig det er med føreseieleg finansiering av vedtekne prosjekt. Dette gjeld for finansiering både innanfor og utanfor statsbudsjettet, seier samferdselsministeren.