- På reisekjeden.no finn ein standardar som har relevans for å oppnå universell utforming i dei enkelte elementa som utgjer reisekjeda. Dette sa samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at ho 23. mai opna nettportalen.

Bilete: Samferdselsminister Kleppa opna 23. mai reisekjeden.no, mellom anna saman med Trine Tveter, administrerande direktør i Standard Norge.

Samferdselsministeren ønskjer at den elektroniske rettleiaren reisekjeden.no skal bli eit dynamisk verktøy for:
  • dei som skal utarbeida kravspesifikasjonar for offentlege innkjøp på transportområdet,
  • for dei som skal følgja ein anskaffingsprosess og inngå kontraktar,
  • for leverandørar av varer og tenester  innan offentleg transport
  • og sist, men ikkje minst, for interesseorganisasjonar av personar med nedsett funksjonsevne.

 Reisekjeden.no er utvikla av Standard Norge på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.

 Les meir på reisekjeden.no.