Historisk arkiv

Trafikksikkerhet- nullvisjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg på konferanse om trafikktryggleik

Trafikksikkerhet- nullvisjonen

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Innlegg på konferanse om trafikktryggleik
Søgne Gamle Prestegård
Fredag 10. februar 2006

Kjære alle saman,

Eg takkar for invitasjonen til denne oppstartkonferansen for prosjektet ”Trafikksikkerhet – nullvisjonen i Songdalen og Søgne”. Det gleder meg å sjå at Songdalen kommune og Søgne kommune set trafikktryggleik på dagsorden på denne måten.

Trafikkulukker er eit alvorleg samfunnsproblem. Dei rammar uventa, hardt og ofte vilkårleg, og trafikkulukkene er mange. For mange oppfattast det likevel som fjernt og uverkeleg å bli utsett for ei alvorleg trafikkulukke. Vi har lett for å bli sløva av statistikken og tenkje: ”Dette hender ikkje meg”. Det er ofte først når vi sjølve, eller nokon som står oss nær, vert utsett for ei ulukke at vi skjønar at dette er noko som kan ramme oss alle.

Trafikken krev mange ofre kvart einaste år i Noreg. Mellom 200 og 300 menneske døyr som følgje av trafikkulukker – kvart år! Offisiell statistikk basert på politiregistrerte personskadeulukker viser at om lag 12 000 personar vert skadde i trafikken kvart år – og i tillegg kjem eit stort tal på skadar som ikkje vert fanga opp av statistikken. Desse dystre tala forklarer til fulle kvifor regjeringa er svært oppteken av å betre tryggleiken på norske vegar.

I dag ønskjer eg å seie litt om politikken til regjeringa på samferdselsområdet, om trafikktryggleik og spesielt om nullvisjonen.

Av Soria Moria-erklæringa går det fram at regjeringa vil styrkje satsinga på samferdsel. Samferdsel er ein viktig føresetnad for busetjing, næringsutvikling og ressursutnytting i heile landet, og det offentlege har ansvar for at vi har eit godt og moderne kommunikasjonsnett i heile landet.

Samstundes som vi slår fast at trafikkulukker er eit omfattande problem, er det viktig å ikkje gløyme at det også er mange andre uløyste oppgåver i transportpolitikken. Hovudmåla i samferdselspolitikken til regjeringa er:

  • auka trafikktryggleik
  • meir miljøvennleg transport
  • regional utvikling og
  • eit effektivt og tilgjengeleg transportsystem for heile landet

Regjeringa vil auke satsinga på vegar, både til investering, drift og vedlikehald, i tråd med vedtaket til stortingsfleirtalet i handsaminga av Nasjonal Transportplan 2006 - 2015. Vidare har vi sterkare fokus på sikre vegar, med auka ressursar til trafikksikringstiltak, rassikring og gang- og sykkelvegar.

”All transport i Noreg skal vere trygg,” seier vi i Soria Moria-erklæringa.

Vi som politikarar, og særleg eg som samferdselsminister, har eit særskilt ansvar i arbeidet med å betre trafikktryggleiken. Det er difor ein overordna oppgåve for Samferdselsdepartementet framover å sikra og betra tryggleiken i alle transportsektorane.

Nullvisjonen
Trafikktryggleik har høgaste prioritet i vegpolitikken. Vi arbeider etter nullvisjonen – ein klar visjon om eit transportsystem som ikkje fører til død eller livsvarig skade. Visjonen er både dristig og ambisiøs. Men samfunnet kan ikkje godta eit system som krev meir enn 200 menneskeliv kvart år. Alle har rett til liv, også i trafikken. Ambisjonsnivået kan aldri bli for høgt når det gjeld å redde liv og hindre lemlesting. Difor har vi nullvisjonen.

Tankane bak nullvisjonen synest eg gir trafikktryggleiksarbeidet ein ekstra dimensjon. Visjonen kviler på tre pilarar:

Etikk – at menneske er unike og uerstattelege

Kunnskap – at vi kjenner dei menneskelege føresetnadene – både fysiske og mentale

Ansvar – at trafikantane og styresmaktene har eit delt ansvar for tryggleiken i trafikken.

Visjonen inneber ein ambisjon om ein tydeleg og varig reduksjon i talet på drepne og livsvarig skadde i trafikken. Den er ei leiestjerne å navigere etter som set retninga for trafikktryggleiksarbeidet.

Nullvisjonen inneber at vi skal arbeide både for å hindre alvorlege ulukker og for å redusere skadane i dei ulukkene som likevel skjer. Vi må erkjenne at det er menneskeleg å gjere feil, og at ulukker vil skje også i framtida. Vi må difor leggje til rette for at ei menneskeleg feilhandling ikkje får altfor alvorlege følgjer.

Nullvisjonen har ført til at styresmaktene sitt arbeid med å betre tryggleiken i vegtransporten vert meir målretta. Merksemda er retta mot å førebyggje ulukker som fører til uopprettelege skadar på liv og helse og mot å redusere konsekvensane av ulukkestypar som har ført til død eller livsvarig skade.

Ein reduksjon i talet på møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med mjuke trafikantar står difor sentralt i trafikktryggleiksarbeidet vårt.

Det er med glede eg har merka meg at nullvisjonen er sterkt forankra i Stortinget og at det er grunnleggjande semje om at trafikktryggleik må vege tungt i prioriteringa av midlar. Eg har og merka meg at transport- og kommunikasjonskomiteen har understreka at omsyn til tryggleik må vege svært tungt dersom det er motstrid mellom hovudmåla i transportpolitikken.

Eit sterkt fokus på nullvisjonen vil i seg sjølv kunne leggje grunnlag for ein reduksjon i talet på skadde og drepne. Oppfølging av visjonen tilseier at vi er meir opptatt av kor trygt vegsystemet faktisk er. Vi må dessutan vere enda meir medvetne om det ansvaret styresmaktene har. I praksis inneber nullvisjonen at transportmidla og transportsystemet må utformast på ein slik måte at dei fremjar riktig åtferd i trafikken. Systemet bør i større grad enn i dag leie trafikantane til å handle rett i trafikken. Transportsystemet skal og verne mot at menneskelege feilhandlingar får fatale konsekvensar.

Men vi kan ikkje oppnå dette aleine. Ei rekkje andre aktørar tek del, og må ta del, i dette viktige arbeidet. Nullvisjonen er meint å vere eit felles fundament for trafikktryggleiksarbeidet i departement, vegvesen, politi, kommunale og fylkeskommunale styresmakter, organisasjonar og for framferda til den einskilde trafikanten. Det er målet vårt at også framferda til den einskilde trafikanten skal styrast av same visjon om ingen dødsulukker eller ulukker med livsvarig skadde.

Dette er som alle forstår ei enorm utfordring! Så visjonen krev mykje av alle – både trafikantar og styresmakter.

Visjonen har som sagt eit sterkt fokus på dei alvorlegaste ulukkene. Ein reduksjon i talet på møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med mjuke trafikantar krev ein kombinasjon av tiltak; alt frå tiltak på vegnettet til trafikant- og køyretyretta tiltak. Vegstyresmaktene og politiet arbeider kontinuerleg med nullvisjonen for auget i form av målretta tiltak over eit breitt felt. Dette inneber mellom anna å styrkje bruken av verkemiddel som viser seg å gi positive resultat, til dømes bruk av bilbelte, betre sikring i bil og buss, utbygging av nye og meir trafikksikre vegar, omfattande kontroll- og informasjonsverksemd og god trafikkopplæring.

Haldningar og respekt for andre i trafikken må byggjast tidleg. Eg er difor oppteken av å få styrka dette arbeidet både i barnehagen og i skulen. For nokre år sidan var eg på eit møte på Toten der ein politimann fortalde om deira tverrsektorielle prosjekt, der ein starta alt i barnehagen med det haldningsskapande arbeidet. Og målgruppa var minst like mykje foreldra som barna. "Det er ikkje kva vi seier, men kva vi gjer", heiter det. Eit uttrykk som ikkje minst er viktig for oss foreldre, som rollemodellar for borna våre i trafikken.

Saman med Kommunal- og regionaldepartementet og Kunnskapsdepartementet ser vi no på om det er mogleg å leggje noko av trafikkopplæringa inn i skulen. Å ta førarkort er kostbart og det ville styrkje teoridelen om den kunne inngå som valfag. Skulen er ein viktig arena der vi møter alle ungdomar. Skal framtidas trafikantar bli tryggare i trafikken, må innsatsen overfor ungdomsgruppa aukast.

Trass i den store innsatsen, skjer det likevel dessverre altfor mange trafikkulukker. Men heldigvis ser vi også fleire lyspunkt: Dei siste åra har vi hatt ein gledeleg nedgang i dei alvorlegaste ulukkene, både i talet på drepne og dei mest alvorlege skadane. Dette er oppmuntrande fordi det viser at ein målretta innsats gir resultat. Eg trur at ved å halde eit framleis sterkt og vedvarande fokus på trafikktryggleik, vil nedgangen halde fram i åra som kjem.

Handlingsplan for trafikktryggleik
Trafikktryggleikspolitikken, slik den er nedfelt i NTP, blir konkret følgd opp gjennom utarbeiding av ein handlingsplan for trafikktryggleik på veg. Handlingsplanen er meint å vere ei nærmare konkretisering av dei virkemidla som er skissert i Nasjonal transportplan. Arbeidet med planen for perioden 2006-2009 har vore leia av Statens vegvesen i samarbeid med Trygg Trafikk, Politidirektoratet og Sosial- og helsedirektoratet. Sjølve planen er no ferdig utarbeidd og den vil bli offentleggjord seinare i denne månaden.

I planperioden vil Samferdselsdepartementet mellom anna leggje vekt på:

  • Gjennomgåande tryggleikstenking i tråd med nullvisjonen – skal vere berande prinsipp i alt vi gjer
  • Utbygging av det høgtrafikkerte, ulukkesutsette stamvegnettet til motorveg med midtdelar
  • Auka bruk av midtrekkverk på ulukkesutsette to- og trefeltsvegar
  • Auka løyvingar til ”punkttiltak” for auka trafikktryggleik på vegnettet
  • Betre trafikkopplæring for barn og ungdom i skulen
  • Betre vedlikehald av det mest trafikkerte vegnettet
  • Kontrollaktiviteten - kvalitet og omfang skal styrkjast
  • Auka bruk av risikoanalysar og systematiske revisjonar i heile vegtrafikksystemet
  • Skjerpte tryggleikskrav til yrkestrafikken, særleg tungtrafikken

Det som er heilt klart for meg er at vi har eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i trafikktryggleiksarbeidet her i Noreg. Ei viktig årsak til dette trur eg er det faktum at aktørane i fellesskap har utarbeidd ein felles handlingsplan, og at dei faktisk har følgt opp denne i praksis. Likevel er det nokre område der eg synest vi har meir å hente.

I Noreg har vi mange interesse- og bransjeorganisasjonar i transportsektoren. Mange av desse er engasjert i fleire ulike saker, men få av dei fungerer som viktige premissgivarar i trafikktryggleiksarbeidet. Eg trur difor at det ligg ein gevinst i å få desse organisasjonane sterkare inn i dette arbeidet.

Eg trur òg at vi i framtida vil sjå eit heilt anna transportsystem enn det vi har i dag. Om tjue år vil vi aldri akseptere at kvensomhelst kan setje seg inn i ein bil og køyre akkurat kor fort og gale han berre vil. Vi vil oppleve ei formidabel utvikling i moglegheitene til å styre eller assistere trafikantane til å handle slik systemet har lagt til rette for[LDT1] .

Lokal forankring i trafikktryggleiksarbeidet
Hovudaktørane i trafikktryggleiksarbeidet er Statens vegvesen, Politiet, Trygg Trafikk og den einskilde trafikanten. På lokalt nivå er fylkeskommunar, kommunar og frivillige organisasjonar viktige aktørar. Ei solid lokal og regional forankring er nødvendig for at vi skal lukkast med det nasjonale trafikktryggleiksarbeidet! Det er også ein av hovudårsakene til at fylkeskommunane sitt ansvar for trafikktryggleiksarbeidet er teke inn i vegtrafikklova.

Vest-Agder og Søgne/Songdalen
I 2004 vart 13 personar drepne i vegtrafikken i Vest-Agder. Det er godt nytt at dette talet vart redusert til 5 i 2005. Det er likevel 5 for mange.

Fleire kommunar og regionar i Vest-Agder har sett trafikktryggleik og nullvisjonen på den lokale dagsordenen. Regionen Farsund, Lyngdal og Hægebostad har hatt eit nullvisjonsprosjekt gåande i to og eit halvt år. Denne regionen hadde ingen dødsulukker i 2005. Eg las nyleg i Farsunds avis at lokale aktørar meiner at sjølv om man ikkje kan seie at dette eine og aleine skuldast nullvisjonsprosjektet, er det ingen tvil om at aksjonen har verka og fått stor merksemd i regionen. ”Alle medieoppslagene har uten tvil vært med på å påvirke folks holdninger til hvordan de skal oppføre seg på veien”, seier distriktsvegsjefen til avisa.

Eg er glad for at folk sjølve tek ansvar, og eg er glad for at Søgne og Songdalen kommunar no følgjer opp med dette flotte initiativet.

Eg ser i omtalen av samarbeidsprosjektet til Songdalen og Søgne at det har sterkt fokus på framferda til trafikantane. Prosjektet skal gjennom informasjonsarbeid leggje vekt på å gjere nullvisjonen kjend i kommunane. Det skal óg føre til auka medvit og kunnskap om trafikktryggleik blant folk flest. Vidare ønskjer prosjektet å etablere samarbeidsarenaer for å kunne utvikle og leggje til rette for trafikktryggleiksarbeid.

Dette synest eg er veldig bra. Nullvisjonen byggjer jo på at trafikantane og styresmaktene har eit delt ansvar for tryggleiken og ei gjensidig plikt overfor kvarandre. Og nett eit slikt samarbeid – mellom alle partane som deltek i den felles innsatsen til samfunnet for trafikktryggleik – trur eg er vegen å gå.

Denne regjeringa ønskjer også å gi kommunane større lokalt handlingsrom. Den som er nærmast veit best kor skoen trykkjer, og kvar behovet for innsats er størst. Difor har regjeringa allereie styrkt dei frie inntektene til kommunane med heile 5,7 milliardar kroner i inneverande år.

Eg ser og av omtalen av nullvisjonsprosjektet i Søgne og Songdalen at dette er eit spleiselag mellom Statens vegvesen, Vest-Agder fylkeskommune og dei to kommunane. Eg synest det er svært positivt at kommunane vel å bruke pengar på viktige trafikksikringstiltak som dette.

Mitt håp er at færre i framtida skal oppleve å miste nokon av sine kjære i vegtrafikken. Eg er sikker på at eit lokalt forankra prosjekt som dette vil vere eit viktig bidrag ved å setje fokus på trafikktryggleik på denne måten.

Håpet er at nullvisjonen kan gjere oss som trafikantar meir medvitne og skape ei framferd som fører til at alle kan ferdast tryggare i trafikken. Vi er alle sårbare i trafikken!

Avslutning
Eg vil nok ein gong takke for invitasjonen og høvet til å presentere regjeringa sine tankar om korleis vi på ein mest mogleg effektiv måte kan nærme oss visjonen om ingen drepne og livsvarig skadde i vegtrafikken. Eg ønskjer dykk ein lærerik og inspirerande konferanse og lukke til med nullvisjonsprosjektet! Det vert spennande å følgje med i utviklinga av dette.

Takk for meg!