Historisk arkiv

Vegopning E39 Lyngdal - Flekkefjord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Tale av samferdselsminister Liv Signe Navarsete, 30. august 2006

Vegopning E39 Lyngdal - Flekkefjord


Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
30. august 2006

Gode vener!

Eg vil først få takke for invitasjonen til å delta ved opninga av denne nye strekninga på E39 i Vest-Agder.

I dag markerer vi at den nye vegstrekninga på E39 er ferdig og skal takast i bruk. Samtidig set vi i drift det andre såkalde OPS-prosjektet her i landet. Dagen i dag er derfor både ei markering av slutten på ein anleggsperiode og ei markering av at Allfarveg AS frå i dag og 25 år framover skal ha ansvaret for denne strekninga av E39.

Dette er dagen til glede for alle som ferdast på denne strekninga. Hovudformålet med prosjektet er å utvikle kyststamvegen mellom Kristiansand - Bergen - Trondheim. Prosjektet vil også vere med på utvikle heile Listerregionen til ein robust bu- og arbeidsregion.

Den nye vegen vil føre til betre trafikkflyt og enda tryggare trafikk. Prosjektet gir ei innkorting av vegstrekninga på 15 km, noko som fører til vesentleg kortare reisetid i regionen. Dette vil bl.a. kome næringslivet til gode i form av reduserte transportkostnader. Eg er oppteken av at folk skal kunne bu og leve overalt i Noreg og då er infrastruktur viktig. Eit viktig mål for meg er å redusere avstandskostnader, både i tid og penger. Dette prosjektet vil heilt klart vere viktig for å utvikle Listerregionen.

Prosjektet skil seg ut frå andre vegprosjekt ved at det er det andre av i alt tre samferdselsprosjekt i Noreg som blir gjennomført etter den såkalla OPS-modellen. Det vil seie eit offentleg-privat samarbeid når det gjeld utbygging og vidare drift og vedlikehald. Gjennom dei tre prøveprosjekta med OPS vil vi få vite meir om kor tenleg det kan vere å ta i bruk andre og nye former for organisering av samferdselsutbygging.

Det er samtidig viktig for meg å understreke at OPS ikkje er ei ”sesam-sesam-løysing” på det vi opplever som knappe økonomiske rammer i samferdselssektoren. Bruk av OPS endrar ikkje på hovudutfordringane, nemleg behovet vårt for auka samferdselsinvesteringar og meir midlar til drift og vedlikehald. OPS er berre ein annan måte å organisere finansieringa av prosjekt i budsjettet.

Vegen vi opnar i dag er bygd i rekordfart. Byggjestart for dette prosjektet var våren 2004 og i dag, litt over to år seinare, står 18 km med ny veg klar til bruk. Det er imponerande!!

I dag vil eg gratulere alle som har delteke i planlegging, utbygging og på annan måte har vore med for å få vegen ferdig. Takk til Statens vegvesen og til gode medspelarar i lokale styresmakter. Takk for sterk innsats og vel utført arbeid! Og til Allfarvegen AS vil eg seie lukke til med drifta av den nye vegen!

Godord fortener også alle andre – både organisasjonar og einskildpersonar som har hatt meiningar og synspunkt om utbygginga. Vi treng folk som bryr seg og seier ifrå.

Så, til folk og næringsliv her i området og til alle andre brukarar av E39 vil eg seie gratulerer med dagen og vegen!

Eg har gleda og æra av å erklære den nye vegen for opna!