Historisk arkiv

Presentasjon av Nasjonal transportplan 2010-2019

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved presentasjonen av Nasjonal transportplan 2010-2019, 13.mars 2009.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Tale ved presentasjonen av Nasjonal transportplan 2010-2019
13.mars 2009

Ja, godtfolk – velkommen til denne viktige dagen for landet vårt!  Eg skal no ta dykk med på ei reise til samferdsels-Noreg anno 2019 – så no er det berre til å spenne fast setebelta.

Nasjonal transportplan handlar om noko så enkelt og så vanskeleg som korleis me dei neste ti åra skal ruste opp infrastrukturen i landet vårt. Det handlar om å gjere kvardagen enklare for folk, om å betre miljøet, gjere samfunnet meir inkluderande og tilgjengeleg for alle og styrkje næringslivets konkurransekraft.

Regjeringa vil ta heile landet i bruk. Me vil utnytte naturressursane våre. Me vil skape nye arbeidsplassar i heile landet. Me vil gje folk fridom til å velje kvar dei vil bu. Me vil leggje til rette for velferd. Me vil ha levande lokalsamfunn i bygd og by. Alt dette krev modernisering av vegane, jernbana, luftfarten og farleiene langs kysten.

Regjeringa meiner det er riktig å bruke dei store pengane til å løyse dei store fellesoppgåvene. Me  vil byggje samfunnet nedanfrå og løyver difor mykje meir blant anna til kommunane - slik at me kan få full barnehagedekning og mange andre velferdsgode. 

Heilt sidan me kom til makta i 2005 har me og styrka satsinga på samferdsla, både fordi det er velferd og fordi det er viktig for å styrke langsiktige verdiskapingsevna i landet vårt.

Det taktskiftet som har vore i samferdslepolitikken gjer at den store auka regjeringa føreslår for dei neste ti åra kjem på toppen av eit allereie historisk høgt nivå. Me er stolte av det me har fått til, men meiner det over tid må satsast på samferdsel på ein heilt anna måte enn før.

Og så til det viktigaste
Regjeringa går inn for å bruke 321 milliardar kroner til utbygging, drift og vedlikehald av transportnettet dei neste ti åra. Det er – 100 – milliardar kroner meir enn for perioden 2006-2015. Samanlikna med førre NTP gir dette ei gjennomsnittleg årleg auke på – 45 – prosent totalt.  I tillegg til at me vil bruke vesentleg meir pengar tek regjeringa òg viktige strukturelle grep.

Trafikktryggleik
Det aller viktigaste eg gjer, er arbeidet med trafikktryggleik.

Noreg får internasjonal merksemd for det systematiske arbeidet vårt og resultata me oppnår på feltet, og regjeringa har i regjeringstida si auka trafikktryggleiksinnsatsen monaleg. Men sjølv om me har halvert talet på drepne sidan syttitalet – medan trafikken har blitt tredobla – er det kvart år om lag 250 som blir drepne og 1000 som blir varig skadde i trafikken. Eg har møtt altfor mange trafikkskadde og etterletne etter stygge trafikkulukker, og er oppteken av at ulukkestala skal og må ned!

Me har ein nullvisjon, som me no tek nye, store skritt mot å nå. Me legg opp til same reduksjon i talet på drepne og skadde dei neste ti åra som dei føregåande 20.

I NTP aukar me trafikktryggleiksinnsatsen frå 332 mill i førre NTP til 860 mill, noko som vil gje ei mykje høgare takt i utbygginga av midtdelarar og midtfelt. I tillegg kjem effekten av at me byggjer nye vegar og utbetrar dei gamle. Me vil òg prioritere mellom anna automatisk måling av gjennomsnittsfart på særleg ulukkesutsette strekningar og styrka føraropplæring.

Effektiv ressursbruk
Som samferdselsminister har eg vore oppteken av å utnytte ressursane i sektoren på ein effektiv måte. Me skal ha mest mogleg veg og jernbane att for kvar einaste krone. Regjeringa har lagt vekt på:
 
- Å satse meir på vedlikehald. Alle veit at det ikkje er god økonomi i å la vegar og jernbaneanlegg forfalle. Me har sytt for å halde god framdrift på igangsette prosjekt. Det gjer at vi og kan halde god framdrift på dei nye prosjekta som no skal setjast i gang.

- Fjerne flaskehalsar (som Vinterbrokrysset ved Tusenfryd og tunnelen i forlenginga av brua over Drammen) – blant anna for å sikre føreseieleg varetransport.  
Dette vil også liggje i botn når me no satsar vidare.

- Drifts- og vedlikehaldsinnsatsen skal aukast med 22 mrd eller 28 prosent frå førre NTP.

- Utprøving av ein finansieringsmodell der nokre større, heilskaplege prosjekt blir ført på eigne postar i budsjettet.

- Ei massiv satsing på mindre spektakulære, men ofte svært lønsame mindre investeringstiltak.

- Utvikling av nye kontraktsformer der utbetringar, vedlikehald og drift blir sett i samanheng over lengre strekningar.

Me har i inneverande periode gjort forsøk med offentleg-privat-samarbeid, såkalla OPS. Evalueringane av desse prøveprosjekta har vist at dette vert verken billigare eller dyrare enn gjennomføring på vanleg måte. Sjølv om det var regjeringa Stoltenberg I som i si tid fremja forslag om dei to første forsøka med OPS i Noreg, har me difor valt å ha fokus på andre tiltak for å fremje effektiviteten i sektoren.

Veg
Dei av riksvegane som i dag blir kalla stamvegar, bind landet saman og knyter oss til utlandet, samstundes som dei har viktige regionale og lokale funksjonar. Me aukar no investeringane i store prosjekt på desse vegane med heile 80 pst årleg. 

Regjeringas satsing inneber ei igangsetting av i alt 40 nye investeringsprosjekt med kostnadsoverslag på over 200 mill. kr i første fireårsperiode. 38 av desse gjeld utbygging av riksvegar i dagens stamvegnett og fire er større rassikringsprosjekt. Det er ikkje tid til å gå gjennom alle desse prosjekta no, men de finn dei i NTP og dei står på veggen bak meg. Eg vil likevel seie nokre ord om dei viktigaste av dei.

E6 er hovudvegen mellom nord og sør. Store delar av vegen er svært trafikkfarleg, det er dårleg framkome og reisetida er mykje lengre enn nødvendig. No skal det byggjast samanhengande firefeltsveg mot Hamar og det skal gjerast  utbyggingstiltak og utbetringar vidare opp gjennom Gudbrandsdalen. Når me kryssar grensa over til Sør
Trøndelag er det sett av midlar til oppstart av tre nye investeringsprosjekt på vegen inn mot Trondheim.

Dreg me vidare nordover finn me store deler av dei dårlegaste delane av E6 i Nordland. Mange steder er vegen så smal som 5,5 meter. Både privatbilistar og tungtransportsjåførar sit med hjartet i halsen mange gonger. Gjennom ei rekkje nye investeringsprosjekt og utrullinga av regjeringas ”gul-midtstripe-strategi” vil problemet med smal og uframkomeleg E6 gjennom Nordland praktisk talt bli eliminert i løpet av perioden (berre eit par mil vil stå att, 23 km). Prosjektet Hålogalandsbrua til 2,2 mrd kr er eit av dei fremste symbola på korleis me no skal knyte landet betre saman. Og til alle dei som seier at bygging av bruer og tunnelar i distrikta ikkje er samfunnsøkonomisk lønsamt kan eg fortelje at dette vegprosjektet faktisk eit av dei aller mest samfunnsøkonomiske lønnsame.

Ein tryggare E6 der ein er sikrare på å unngå vinterstenging og der transporttida er redusert kraftig vil bety mykje til dømes for fiskerinæringa, landets største eksportnæring etter olje- og gass. Ferskvarene fiskeindustrien leverer er avhengige av påliteleg og effektiv transport anten det er til ICA-butikken i Sandvika eller til eit middagsbord i Paris. For som det blir sagt -  det er ingen som har det så travelt som ein død laks!
 
E16 er hovudstamvegen aust-vest, og den vegen som har færrast stengingar  vinterstid. Regjeringa set inn ein særskild innsats for å sikre E16 som ein vintersikker veg mellom Oslo og Bergen. Det blir ei heilskapleg utbetring av E6 over Filefjell,  og dette er også eit av dei prosjekta som no får eigne postar på budsjettet. Eg har òg lyst å nemne den delen av E16 som går gjennom Valdres – her har ein gjennom mange år flikka og lagt på ny asfalt oppå den gamle etterkvart som vegen har sige ut, slik at asfalten enkelte stader er 70 cm tjukk. No vert det slutt på lappverket og me bygger ny og sikker veg på desse strekningane. 

E39 frå Kristiansand til Trondheim er hovudferdselsåra på Vestlandet. Her har me store utfordringar på grunn av låg standard på vegen. Gul midtstripe og standardheving er naudsynt mange stader, til dømes vil me gjennomføre ei større utbetring av strekninga Vadheim-Sande-Førde. For dei som ikkje forstår stammespråket kan eg her kanskje leggje til at gul midtstripe får ein når vegen er 8,5 meter brei . På deler av E39 er det utfordringar med trafikkavviklinga, her er Os-Bergen eit døme på ei strekning me no vil utbetre. Eit kjempeprosjekt som vi har som mål å få starta opp i mot slutten av planperioden er Rogfast, ein undersjøisk tunnel nordover frå Stavanger som vil erstatte eit svært trafikktungt ferjesamband. I perioden vil det totalt bli brukt ca 14,5 milliardar kroner på E39 Kristiansand – Trondheim og det vil bli 150 kilometer firefeltsveg.

Fylkesvegane – både dei som i dag er fylkesvegar og dei som vil bli fylkesvegar etter forvaltingsreforma trer i kraft neste år – er ein annan heilt, like sentral del av vegnettet. I NTP forslaget blir ramma for 2009 vidareført. Det er viktig for meg å seie at dei endelege rammene vert fastsett i dei årlege opplegga for kommuneøkonomien. I tillegg varslar me i NTP ei ny rentekompensasjonsordning med ei ramme på 2 mrd årleg til samferdselstiltak i fylka – slik at fylka kan satse meir både på vegane og kollektivsystema sine.

Me vil auke satsinga til rassikringstiltak på veg til 1 mrd. kr årleg – og dette er viktig for meg. Eg har vore på Oppdølsstranda og møtt mødrene og fedrane som kvar dag sender ungane sine fram og tilbake med skulebussen forbi staden der det rasa i haust, og eg er glad for at eg i dag kan seie til dei: denne vegen skal utbetrast slik at de skal sleppe vere redde for å sende ungane dykkar på skulen. Dei ti milliardane til rassikring blir fordelt med 50prosent på riksvegar og tilsvarande på fylkesvegar.

Dette gjer

- at 350 km riksveg blir rusta opp slik at den får ”gul midt-stripe”
- at 230 km riksveg blir bygd ut til fire felts motorveg – det gjev 50 prosent auke frå no
- at 80 km riksveg blir sikra mot ras
- at me får om lag 500 km nye gang- og sykkelvegar
- at 750 km riksveg blir utbetra med midtrekkverk og breitt midtfelt
- at 1500-2000 busshaldeplassar på riksvegnettet blir universelt utforma
- 80 km nye ekspresskollektivfelt på riksvegnettet

Me vil dessutan imøtekome lokal vilje til å framskunde prosjekt og reknar med at om lag 60 mrd. kr i bompengar vil kome i tillegg til dei statlege midlane, men bompengane sin del av riksveginvesteringane held seg på 2009-nivå.

Innsparingar i reisetid
Tiltaka vil redusere reisetidene på viktige ruter på riksvegnettet med rundt 30-35 minuttar . Frå Trondheim til Kirkenes vil innsparinga bli på 49 minutt og frå Stavanger til Trondheim langs E 39 vil reisetida bli redusert med ca ein time.

Det betyr at nær halvparten av reisetidsvinstane i Statens vegvesen si stamnettutgreiing –  som har eit 30 års perspektiv – blir realiserte no. Det er utruleg viktig, ikkje minst med tanke på næringslivet og deira transportbehov.

Jernbane
Så over på jernbanesatsinga vår. Regjeringa har starta ei ny tid for jernbana i Noreg. Det blir allereie jobba på med å gjere jernbana betre i eit omfang som vi ikkje har sett i Noreg sidan den store jernbaneutbygginga omkring førre hundreårsskifte. No aukar me satsinga ytterlegare og vil bruke i snitt 3,4 milliardar meir årleg enn i førre NTP. Løyvingane til Jernbaneverket aukar med 58 prosent. Investeringane vert dobla. 

Me vil satse tungt på områda rundt dei største byane, og i Intercityområdet på Austlandet, der persontrafikk med jernbane har det største marknadsgrunnlaget. Me satsar særleg på vidare utbygging av dobbeltspor på Vestfold-, Austfold- og Dovrebana, og på auka kapasitet omkring Bergen og Trondheim.

På Austfoldbana set me av 11, 6 milliardar til nytt dobbeltspor Oslo-Ski, eit lenge etterlengta prosjekt eg er glad for å presentere i dag. Dobbeltsporet vil gjere livet langt lettare for pendlarar på denne strekninga. Reisetida for dei raskaste toga vil blir halvert frå 22 til 11 minutt.

Regjeringa meiner det er naudsynt å utgreie vidare korleis eventuelle konsept for høgfartsbaner best kan tilpassast norske tilhøve før me tar stilling til om det skal byggast slike banar i Noreg. Difor fremjar me ikkje forslag om å starte bygging av separate høgfartsbanar i Noreg i Nasjonal transportplan 2010-2019. Regjeringa har hovudfokus på å byggje eit kapasitetssterkt jernbanenett i InterCity-trianglet. Den kraftige satsinga i Intercity-trianglet vil uansett vere nødvendig for eventuelt seinare å byggje ut eit høgfartsnett i Noreg. Tiltaka me no gjennomfører vil ikkje blokkere for at man på eit seinare tidspunkt eventuelt kan byggje ut høgfartsbanar i Noreg.

Regjeringa ynskjer å flytte gods frå veg til bane. Difor skal det byggjast i storleik 45 nye kryssingsspor og ny terminalkapasitet. Samla vil det bli ei tilnærma dobling av godskapasiteteten på bane. Riksvegtilknyting til viktige stamnetthamner og andre intermodale knutepunkt vil også bli prioritert. Det vil styrkje grunnlaget for intermodale transportar.
 
Jernbanesatsinga vil dessutan gi:
- 142 km med nye baner, av dette 116 km dobbeltspor
- ei auke i oppetida frå 98,5 pst til 99,3 pst
- betydelege reisetidsreduksjonar i InterCity-området.

Oslopakke 3
Regjeringa har i dag og lagt fram en melding om ”Oslopakke 3 trinn 2” for Stortinget. Oslopakke 3 er ei stor satsing for å framskunde utbyggjing av veg- og kollektivnettet i hovudstadsområdet i dei neste 20 åra.

I tillegg til trafikantbetaling går staten inn med betydelege bevilgningar i Oslopakke 3. Det er lagt opp til om lag 16,2 milliarder kroner til jernbana. Det er og satt av 4,9 milliarder kroner til riksvegar i perioden. I tillegg kjem statlege tilskot til investeringar til det framtidige fylkesvegnettet. Vi har hatt tett og god dialog med lokale myndigheiter i dette arbeidet.

Luftfart
Noreg er eit land med lange avstandar og vanskeleg framkome – det gjer at folk er heilt avhengige av luftfarten og at eit omfattande kortbanenett er naudsynt for å oppretthalde busetnad og næringsliv i distrikta. Eg meiner kortbanenettet er ein sentral del av kollektivtransportsystemet vårt. Her er solidaritetstankegangen med samfinansiering avgjerande.

Eg kan love at dagens lufthamnstruktur i planperioden vil bli halden oppe, med mindre det er uttrykt ønskje lokalt om noko anna. Men luftfarten er også vår port til verda, og porten til Noreg for ein stor del av turistane som kjem til Noreg. Oslo Lufthavn Gardermoen er eit nav for heile landet – det er difor viktig å vidareutvikle hovudflyplassen vidare. Det skal bandleggast areal til ei eventuell tredje rullebane ved Oslo lufthamn, Gardermoen, utan at dette er noko vedtak om å byggje ei tredje rullebane.

Miljø
Som i alle andre land er klimagassutsleppa ei stor utfordring. I dei største byområda står transportsektoren ofte for over halvparten av klimagassutsleppa, og andelen har auka. For Noreg sett under eitt var snittet 29 prosent i 2008 – 4 prosent meir enn i 2005. Det gjer det nødvendig med ei systematisk omlegging av transportsystemet slik at klimagassutsleppa går ned.

Regjeringa har alt teke viktige skritt (eingongsavgifta, biodrivstoff) for å snu trenden med aukande utslepp frå sektoren. Eg vil no gå gjennom nokre av dei viktigaste grepa som ligg i Nasjonal Transportplan.

Me aukar som sagt satsinga på jernbane og andre kollektivtiltak kraftig, og aukar satsinga på gang- og sykkelvegar frå 116 millionar i året i inneverande NTP til 294 millionar. Det skal gi 500 kilometer med nye gang- og sykkelanlegg langs det statlege vegnettet, om lag halvparten av dette i byar og tettstadar i form av samanhengande gang- og sykkelnett.

Satsinga på målretta kollektivtiltak langs riksvegnettet aukar frå 26 millionar i året til 178 millionar. Det vil mellom anna gi 80 nye km nye kollektivfelt og ei kraftig opprusting av haldeplassar og kollektivknutepunkt.

Regjeringa dobla belønningsordninga til 323 millionar i budsjettet for 2009. No foreslår me ei ny dobling i løpet av første fireårsperiode. Midlane er reservert byområde som inngår avtaler som fører til redusert bilbruk. Dei byane som vil ta eit krafttak, skal få skikkeleg drahjelp for å få ned bilbruken!

Bilen vil likevel alltid vere viktig i eit land som vårt. Folk skal få køyre bil òg i framtida, men bilane må over på utsleppsfrie drivstoff. Rask innfasing av køyretøy med låge eller ingen utslepp er viktig. Det vil me få til blant anna ved å bruke avgiftssystemet, støtteordningar som Transnova og midlar til forsking.

Alle desse tiltaka skal bidra til at me når sektormålet om å redusera klimagassutsleppa med mellom 2,5 og 4,0 mill tonn CO2-ekvivalentar fram mot 2020, men eg vil understreke at det vil vere viktig at lokale og regionale styresmakter òg gjer ein kraftiginnsats.

Alle skal med
Regjeringa er opptatt av å leggje til rette for at transportsystemet så langt som mogleg skal kunne brukast av alle, utan behov for spesiell tilrettelegging. I planperioden skal me oppgradere om lag 1500 – 2000 haldeplassar på riksvegnettet til ønska standard. På jernbaneområdet er det sett av nær 3,5 milliardar i tiårsperioden til utvikling av stasjonar og knutepunkt. Det vil sikre tilgjenge for alle på svært mange jernbanestasjonar og universell utforming av dei største knutepunktsstasjonane.

Eg vil nytte høve til å takke dei funksjonshemmas organisasjonar for å ha gått i bresjen for å få prinsippet om universell utforming etablert. Det vil bli ein krevjande omstilling, men om ein allereie frå grunnen planlegg for tilgjenge vert ikkje kostnadane vesentleg større.

Og med det, har eg tenkt å avslutte denne raske rundturen i samferdsels-Noreg 2010-2019.

Det har vore utruleg kjekt å få lov å arbeide med Nasjonal transportplan. Både Senterpartiet, Ap og Sv har kvar for seg ein god samferdselspolitikk , og til saman blir det ein svært god samferdselspolitikk.

Me skal byggje landet. Me skal bruke meir pengar – og me skal bruke dei meir effektivt – men målet med det heile er berre eitt: at alle nordmenn kvar einaste dag i denne tiårsperioden vil oppleve eit litt betre transportsystem og dermed ein litt enklare og betre kvardag!

Takk for meg!