Historisk arkiv

Regjeringa vil sikre gode og likeverdige posttenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Avisinnlegg, mellom anna publisert i Klassekampen 8.01.2009

Avisinnlegg av samfgerdselsminister Liv Signe Navarsete om EU sitt postdirektiv.

I Soria Moria-erklæringa har regjeringa slått fast at folk og næringsliv i heile landet skal ha eit godt posttilbod, uavhengig av kvar dei bur. Denne fana har vi halde høgt, og det vert ikkje endra av at EUs nye postdirektiv – som gir fri konkurranse om brevpost – trer i kraft frå januar 2011.

EU sitt postdirektiv vil gje utfordringar for Posten. Då er det viktig for folk at vi har ei regjering som vil sikre eit likeverdig tilbod og gjere dei nødvendige grep for å få dette til. Å nytte reservasjonsretten mot direktivet er eit dårleg alternativ, då det vil kunne stengje Posten ute frå sentrale delar av den nordiske marknaden, som er eit særs viktig innteningsområde for selskapet. Derimot vil vi utnytte handlingsrommet i EØS-avtalen fullt ut, for å sikre at folk i Noreg framleis skal få rimelege og gode posttenester innanfor ein marknad utan einerett.

Eg har no engasjert Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF) for å greie ut kva følgjer ei eventuell liberalisering av posttenestene vil få for posttenestene til folk flest, for Posten og for konkurransetilhøva i Noreg. Resultatet av dette arbeidet vil bli klart på vårparten.

Mitt og regjeringa sitt mål er at Noreg skal ha eit av dei mest velfungerande postvesen i verda, eit postsystem som oppfyller forventningane til Ola og Kari Nordmann. Dette inneber at vi framleis skal ha postomdeling i heile landet seks dagar i veka, og at vi må stille strenge krav til framføringskvalitet og einskapsporto. Posten skal framleis vere fullt ut statleg eigd.

Vi vil leggje til rette for eit moderne postomdelingssystem som fungerer effektivt og godt i den nye, digitale tidsalderen, der rammevilkåra for Posten vil vere meir krevjande enn tidlegare. Det krev politisk vilje. Det har den raudgrøne regjeringa.