Historisk arkiv

Innlegg på Norway bussekspress sitt operatørmøte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsministerens innnlegg på Norway bussekspress sitt operatørmøte 24. november 2010.

Godt folk!
Tusen takk for invitasjonen til å koma hit!

Busselskap som Norway bussekspress har ein viktig jobb!
Transportbruken aukar, både privat og kollektivt.

Kollektivtrafikk er viktig fordi det både handlar om å få ned klimautslepp og lokale utslepp. Fordi det handlar om å gjera kvardagen enklare for folk.
Fordi det handlar om betre framkome!

Bussen er eit viktig – og miljøvenleg – alternativ til privatbil eller fly både over korte og lange strekningar. De viste òg til fulle kor kvikt de snur dykk rundt då landet i vår var råka av oskekrisa!

Ekspressbussnæringa har utvikla seg til å bli ein stadig viktigare faktor i kollektivtransporten i distrikta.

Det har gitt eit betre kollektivtilbod på ei rekkje strekningar der det tidlegare knapt fanst eit tilbod for lengre reiser.

Ekspressbussar  - særleg dei med endepunkt i dei større byane og stopp i område med dårleg  kollektivtilbod elles – er med på å fremja regional utvikling.

Regjeringa si kollektivsatsing

Regjeringa styrkar tilrettelegginga for kollektivtransport.
I Nasjonal transportplan 2010-2019 finst ein eigen kollektivtransportstrategi.

Vi ynskjer eit meir tilgjengeleg kollektivtilbod med fleire avgangar, kortare reisetid og auka punktlegheit/regularitet.

Denne strategien blir fylgt opp i dei årlege budsjetta. Over SDs budsjett for 2011 blir det satsa i milliardklassen på kollektivtransport, i alt nær 12,1 milliardar!

I tilegg kjem milliardbeløp i statlege midlar over KRDs budsjett. Dette er midlar som fylkeskommunane kan nytta til lokal kollektivtransport.

I 2009 var fylkeskommunane sine utgifter til lokal kollektivtransport på vel 8 milliardar kroner. Det blir satsa på kollektivtransport – mykje bra er på gang!

Fylkeskommunane skal framleis ha hovudansvaret for å utvikla det meste av kollektivtilbodet og vil difor spela ei avgjerande rolle i dette arbeidet.

Det inneber også ein fridom til å styra – utan at staten overstyrer kvar gong det er noko vi ikkje er samde i.

Ekspressbussnæringa utfyller det fylkeskommunale tilbodet ved å køyra fylkeskryssande ruter.

Politisk tilrettelegging

Landet treng mange gode bussjåførar som kan syta for at bussane går trygt og effektivt over heile Noreg.

No er det for få bussjåførar. Talet på personar som utdannar seg til bussjåførar er for lågt samanlikna med talet på nye sjåførar som trengst.

Transportbedriftenes Landsforening (TL) og fleire andre gjer no eit løft for å rekruttera fleire sjåførar! Tidlegare i haust gav vi 500.000 til kampanjen. 

I fjor heva vi aldersgrensa for å kunna arbeida som buss- og drosjesjåfør frå 70 til 75 år.

Det har også kome innspel om å senka aldersgrensa for bussjåførar frå 21 til 18 år, slik det er i Sverige og Finland.

Det kan gjera det enklare å få tak i nye bussjåførar. Samstundes har eg respekt også for dei bussjåførane som har påpeikt at ein treng både livserfaring og køyreerfaring i ein slik jobb.

Eg har bede Vegdirektoratet om å sjå på saka, og har nylig motteke innspel derfrå. Vi håpar å få avklart dette spørsmålet nærare i løpet av hausten.

Fylkeskryssende ekspressbusser

Eg veit at de er særleg opptekne av fylkeskommunane sin anbodspraksis. Eg har også motteke eit brev frå dykk om dette emnet i forkant av dette møtet.

Som de kjenner til, er det fritt høve til å etablera fylkeskryssande bussruter så lenge løyvesøkjarene oppfyller kvalifikasjonskrava for løyve. Den liberale konsesjonspolitikken er basert på at dei fylkeskryssande ekspressbussrutene er kommersielle.

Fri tilpassing av tilbodet gjer at ekspressbussnæringa kan nytta ulike verkemiddel for å vinna fleire reisande.

Døme på dette kan vera lågare pris, betre tilgjenge, endra stoppemønster, raskare framføringstid og betre marknadsføring.

Resultatet har vore at ekspressbussane har styrkt konkurransekrafta si overfor andre transportformer. På strekningar som både blir trafikkerte av ekspressbuss og jernbane har den samla kollektivdelen auka.

Løyvestyresmakt for ekspressbussrutene er delegert til fylkeskommunane. Dei kan stilla vilkår med omsyn til lokal kollektivtrafikk når dei tildeler løyve.

Vilkåra må vera like for ekspressbussane som køyrer på same strekninga, slik at ein sikrar likebehandling. Fylkeskommunane kan såleis vurdera ekspressbussane i høve til det lokale rutetilbodet.

Fleire stader har også fylkeskommunane tilpassa den lokale kollektivtransporten til etablerte ekspressbussruter.

Truleg er ein slik måte å påverka ekspressbussmarknaden meir formålstenleg enn ei sterkare regulering.

På ein del strekningar har fylkeskommunane òg gjort avtaler om kjøp av lokale rutetenester frå ekspressbussane.

I den siste tida har det kome fram opplysningar om at ekspressbussrutane mister avtalar med fylkeskommunane.

Lat meg seia at eg forstår dei problema de peikar på.
Dette er sjølvsagt ei utfordring for næringa. Ekspressbussane har ein viktig funksjon!

Etter kollektivtransportforordninga er det mogleg å tildela små kontrakter om rutetransport til ekspressbussane utan føregåande konkurranse.

I overgangsperioden fram til 2019 har fylkeskommunane òg generelt høve til å inngå kontraktar direkte med operatørar.

Å oppretthalda gjennomgåande ekspressbusstilbod er eitt av fleire omsyn ein må ta i vurderinga om det skal nyttast anbod eller ikkje. Samstundes må dette vurderast opp mot kostnadane.

Når det gjeld forslaga de har presentert for oss, er det for tidleg å konkludera på dei.

De har blant anna føreslått at ekspressbusselskapa bør få ein uinnskrenka rett til å ta passasjerar internt i fylket på eksisterande trasear.

Det er fylkeskommunane som avgjer korleis den fylkesinterne kollektivtrafikken skal organiserast. Dei kan sjølv fritt velja å gje ein slik rett.

Eg ser det som lite aktuelt at staten på kort sikt skal gje føringar til fylkeskommunane om kollektivtilbodet. Det bryt med noverande ansvarsdeling mellom stat og fylke.

Opplysningane som er komne, gjer at departementet planlegg å sjå nærare på ekspressbussnæringa i tida som kjem.

Vi vil då ha nytte av å henta informasjon frå bransjen om tenestetilbodet, utvikling i talet på reisande med vidare. Eg håpar  næringa kan hjelpa til med å få fram denne type data.

Avslutning

Eg innleia med å skryta av den viktige rolla ekspressbussane har.

2009 var året då 300-milionarsgrensa blei broten for talet på busspassasjerar. Det er 10 millionar meir enn året før! Denne utviklinga må halda fram!

Eg er glad for konkrete innspel og set stor pris på dialogen med dykk.
Eg gler meg til å samarbeida med dykk – med endå fleire bussreisande som mål! Takk for meg!