Historisk arkiv

Innlegg - høyring i Stortinget om datalagring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Open høyring i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas innlegg i open høyring i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité 7. februar 2011

Innleiing

• Datalagringsdirektivet gjer at vi må tenkja grundig gjennom kor langt vi er viljuge til å kontrollera borgarane våre.
• Regjeringa la opp til ein grundig prosess for  å gi høve til slik drøfting.
• Vi gjennomførte ei omfattande høyring.
• Vi opplevde eit uvanleg stort engasjement i høyringa.
• Sjølv er eg blitt meir og meir skeptisk.
• Ville noko norsk parti  fremja eit slikt forslag  uavhengig av EU?
Kva om nokon hadde føreslege kontroll av all post til og frå den einskilde?
Hadde det då ikkje blitt eit ramaskrik?

Kvifor nei til innføring?

• Datalagringsdirektivet er ei krenking av den einskilde innbyggjar sitt personvern.

• Nytten står ikkje i forhold til verken omfanget av det som blir foreslått lagra eller belastninga det kan bli for den einskilde.

• Kanskje er dette berre starten? Eg er uroleg for eit press i retning meir lagring og tilgang for fleire.

• Direktivet inneber ein kraftig auke i registrering av kommunikasjonen vår.

Uansett kor strenge reglar om tilgang til data og oppbevaring som blir føreslått, er prinsippet om at staten pålegg slik lagring problematisk.

Det betyr ikkje at eg meiner politiet ikkje skal få tilgang til data.

Politiet bør få tilgang til data, men DLD er ikkje forholdsmessig.
Det er svært viktig å få oppklart alvorlege kriminalsaker.
Politiet har i dag tilgang til trafikkdata. Det vil dei og få i framtida. Dei største tilbydarane seier dei kjem til å lagra data også i framtida.

Eg ser også at politiet burde hatt tilgang til einskilde data som ikkje er så personsensitive (IP-adresse), og som dei ofte ikkje får i dag fordi dei er sletta.
Men eg meiner vi må kunna sjå på korleis ein kan handtera dette utan å innføra datalagringsdirektivet.

DLD er ei pakkeløysing. Vi får ikkje gjort ei god nok vurdering av kva for data som er nødvendige og kva for data som er mindre nødvendige for politiet.

Litt tabloid må ein kunna  seia at direktivet er som å byggja ein dobbel bilgarasje for å kunna parkera ein sykkel.

Det er grunn til å stilla spørsmål om direktivet vil gi gode resultat

Fleire land i EU har innført direktivet.

Likevel finst det per i dag ikkje dokumentasjon på at så omfattande lagring er nødvendig for politiet.

Ei ny studie frå Tyskland, utarbeidd av ein tysk organisasjon, men på grunnlag av tysk kriminalitetsstatistikk, viser at oppklaringsprosenten ikkje gjekk opp, men faktisk ned, i den perioden Tyskland hadde datalagring.

Etter å ha høyrt på politisida i denne debatten, overraskar det meg at ikkje oppklaringsprosenten gjekk opp!

Det er jo verdt å merka seg at diskusjonen om DLD i Tyskland er lik den vi har her i landet. Også der er det strid om ein skal innføra nye reglar om lagringsplikt etter at dei reglane dei hadde blei oppheva for snart eit år sidan.


Føremålgliding og kven som skal ha tilgang til data

Detaljert informasjon om folk sine  liv vil ha stor verdi for mange.

Det vil vera eit massivt press frå ulike aktørar for å få tilgang.
Vi har allereie hatt fleire diskusjonar om kven som bør ha tilgang til data (til dømes NAV - folketrygdlova). 

Lovforslaget legg opp til at ingen andre enn politiet og Finanstilsynet skal ha tilgang.
Ved å imøtekoma Finanstilsynet, er det vanskeleg å argumentera mot at  andre kontrollstyresmakter skal få same tilgang.

Lovgivar vil i framtida bli utsett for press om å gi tilgang til andre tilsyn og etatar.

Eg blir endå meir uroleg når Justisministeren i Aftenposten 31. januar signaliserer at ho ventar ein debatt om korleis data kan brukast kommersielt.

Ein trussel mot ytringsfridom?

Lagring av store mengder data over lang tid kan føra til at den einskilde innbyggjar legg band på sine ytringar.

Ønskjer vi eit samfunn der innbyggjarane kjenner seg utrygge på kven dei kan kommunisera med? Eg meiner vi er mange som arbeider for det motsette.
Særleg er dette viktig i situasjonar der ein har kontakt med pressa eller det er snakk om varsling i arbeidslivet.

Kva er så alternativet til DLD?

• Politiet kan få tilgang til data sånn som i dag.
• Vi behaldar sletteplikta.
• Eg er villig til å sjå nærare på dette med IP-adressar fordi dei er lite personsensitive, men nødvendige for politiet. Dette er Datatilsynet og positive til.
• Eg meiner tilgangsreglane må skjerpast.
• Vi bør ha domstolskontroll, og eg meiner PT i tillegg bør oppheva teieplikta.

Informasjonstryggleik og kostnadar

Mange har peika på at det blir ei utfordring at data skal lagrast hos tilbydar, og at det er tilbydarane som har ansvaret for tryggleiken til data.

Vi har 192 tilbydarar på den norske marknaden. Det er heilt klart ei utfordring.

Dei fleste av desse tilbydarane er vane med å handtera personopplysningar, men om ein innfører DLD må dei lagra mange fleire data over lengre tid. Dei vil måtta investera i tryggleik, lagringssystem og uthentingssystem.

Det er ingen tvil om at det er ein samanheng mellom tryggleik og kostnader.

Det er difor problematisk å føreslå å innføra omfattande reglar om lagring utan å seie noke om kven som skal betala for lagringa.
Eg meiner tilbydarane ikkje skal måtta stå åleine for kostnadane  til sikring . Dei som skal nytta data må betala for det.

Om tidspunktet for å innlemma direktivet

EU-kommisjonen har no bestemt at datalagringsdirektivet ikkje berre skal evaluerast, men at også ein revisjon må til.
Endringane kjem fordi ein ikkje er nøgd med direktivet og dei utfordringane det har skapt i fleire land.

Foreløpige signaler frå EU-kommisjonen er at
• omsynet til personvernet må balanserast betre
• ein må sjå på føremålet og kven som skal ha tilgang
• ein skal sjå på kva for data som er nødvendige og vurdere konkrete alternativ til datalagring
• ei harmonisering av lagringstid er nødvendig (nedover til 1 år?)
• ein må få på plass reglar om økonomisk kompensasjon til tilbydarane

Ein kan jo undra seg om dette då er tida for å innføra desse reglane i norsk rett.

Avslutting

• DLD er ei stor og prinsipielt viktig sak.
• Kor langt er vi eigentleg viljuge til å gå i overvaking av den einskilde av oss?
• Effekten er ikkje påvist. Den er tvert i mot svært omdiskutert.

Ei viktig sak i Samferdselsdepartementet nett no, er strekningsvis automatisk trafikk-kontroll. Det tiltaket har påvist trafikk-tryggleikseffekt.
Eg har høyrt nokon seia at det tiltaket er dei i mot av personvernomsyn.
ATK er eit system der der data aldri blir lagra viss du held deg til fartsgrensa.
På meg verkar det sjølvmotseiande at same personane har eit uavklart standpunkt til  DLD.

Vi talar altså om eit system der all elektronisk kommunikasjon  hos den einskilde av oss vert lagra i eitt år.
Eg tek sterk avstand til eit slikt system. Her er vi i ferd med å gå altfor langt.
Motstanden er stor i heile Europa. Fleire land har ikkje implementert direktivet, jf. s. 35 i proposisjonen.

EU er i ferd med å revidera direktivet.
Her gjeld det å ha is i magen!

Sjå også: