Historisk arkiv

Opningstale Jernbaneforum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas opningstale - Jernbaneforum, 7. mars 2012.

Gode togfolk – det er kjekt å vera her igjen!

Det er tiande gong de arrangerer Jernbaneforum. Eg har vore samferdselsminister i mindre enn 2,5 år. Vi har på denne tida gått ein god veg saman!

Gratulerer med jubileet!

Norsk jernbane er ved eit avgjerande punkt. Kva for ei rolle jernbanen skal spela i framtidas transportsystem – det er spørsmålet no!

Svaret har mange av dykk arbeidd iherdig med å skaffa grunnlag for.

Eg har motteke ei rekkje grundige dokument om jernbanen det siste året.

Mellom anna:

o   Jernbanegruppa sin rapport om vidare utvikling av norsk jernbane

o   Høgfartsutreiinga

o   KVU for Intercity-strekningane på Austlandet

o   Etatane sitt forslag til ny NTP

o   Før påske kjem også stasjonsstrukturprosjektet.

No byrjar den politiske delen av prosessen fram mot ny NTPfor alvor. Meldinga vert lagt fram for Stortinget våren 2013.

Gjennom omfattande debatt og engasjert diskusjon skal svaret utviklast. Det ser eg fram imot!

Betre tider

I fjor på denne tida stod eg her på Jernbaneforum og gleda meg over  våren. Eg pusta letta ut over at togvinteren hadde gått betre enn året før.

Vi hadde gått frå negative oppslag omtrent kvar dag til leiaren i
Aftenposten som varma oss alle. ”Toget går” var tittelen.

Både Jernbaneverket og NSB fekk ros for systematisk arbeid. Det var verkeleg velfortent!

I Austlandsområdet var talet på forseinkingstimar meir enn halvert samanlikna med vinteren før. Punktlegheita hadde auka frå 82 prosent til 88 prosent.

Denne vinteren har oppslaga vore færre. Det tolkar eg slik at folk no byrjar å rekna det som sjølvsagt at toga går når dei skal. Det er bra!

I november kunne Aftenposten melda at 9 av 10 tog var i rute. Dette som følgje av arbeida i Oslo-tunnelen.

Spørsmålet var, meinte Aftenposten, om resultatet heldt seg gjennom kuldeperioden.

Resultatet heldt seg!

Den gjennomsnittlige punktlegheita for november-desember-januar denne vinteren er på 92 prosent, det vil seia 2 prosentpoeng over kravet vi stiller til Jernbaneverket og NSB.

Snuoperasjonen

Det tek tid å snu eit tog. Å snu eit heilt togregime, tek det som kjennest som ei æve for oss togentusiastar.

Men er vi i full gang! At toga går når dei skal, er grunnleggjande. Med dette på plass, er det enklare å ta tak i dei meir strategiske spørsmål: Det er viktige val vi skal ta framover!

La oss no kosta på oss ei lita oppsummering av det som har skjedd på skinnegangen sidan vi møttest her i fjor.

Vedlikehald og fornying på eksisterande infrastruktur skjer i bøtter og spann.

Stenginga av Oslo-tunnelen i sommar er  det største og mest synlege dømet. 2.500 små og store arbeidsoperasjonar vart utført – arbeid som det ville ha teke 18 månader å gjera ferdig utan stenging.

I tillegg har vi feira nye jernbanespor!

o   Tunnel gjennom Gevingåsen i august

o   Dobbeltspor Lysaker-Sandvika i september

o   Dobbeltspor Barkåker-Tønsberg i november

Regjeringa går no inn for dobbeltspor på strekninga Farriseidet-Porsgrunn. 100 mill i statsbudsjettet for i år  betyr byggjestart i Eidangertunnelen til hausten.

Stortingsfleirtalet har gitt si støtte til oppstart Langset-Kleverud i 2012. Og på Holm-Holmestrand-Nykirke, som vart påbyrja i 2010, er arbeidet i rute.

På Follobanen – eit viktig prosjekt  i intercitytrianglet - vert det planlagt for byggjestart i 2014.

I 2013 startar arbeidet med ny tunnel mellom Bergen og Arna, og i førre veke gav eg grønt lys for felles KVU for veg og bane på strekninga Arna-Voss.

Det er også grunn til å gleda seg over at stadig fleire reiser med tog. I 2011 NSB leverte 52,5 millionar reiser – ein auke på 1,5 prosentpoeng frå året før. Det er særleg på IC-strekningane folk tek meir tog, men òg på Nordlandsbanen og på lokaltoga på Austlandet. Jærbanen, med dobbeltspor Sandnes-Stavanger er ein ubetinga suksess!

Ny grunnrutemodell blei noko forseinka, men skal etter planen fasast inn frå desember i år. Det største løftet vil koma frå desember 2014.

Det vil bety eit langt betre tilbod for dei aller fleste togpassasjerane i Austlands-området. Stive ruter, plass til 26 % fleire passsasjerar!

NSB har kjøpt inn 50 nye togsett i samband med den nye rutemodellen. Dei siste vekene har mange enkeltpersonar i NSB og Jernbaneverket hatt krevjande dagar etter avsporinga under testing av eit av den nye toga på Vestfoldbanen.

Kva følgjer dette eventuelt vil få for innføringa av ny grunnrutemodell er ikkje avklart ennå.

Frå den raudgrøne regjeringa tok over, har vi auka løyvingane til jernbane med nær 75 prosent. Investeringsbudsjettet er tredobla. Det er dette som no gir resultat!

Tipp-topp moderne jernbanenett innan 20 år

Vi er på rett spor. Det er det ingen tvil om. Men det står mykje att. Utfordringane framover er mange.

Ambisjonen min er eit tipp-topp moderne hovudveg- og jernbanenett innan av 20 år.

Tre viktige føresetnader må på plass:
 

o   For det første må planleggingsprosessane bli meir effektive.

o   For det andre må løyvingane aukast år for år

o   Og for det tredje må pengane brukast smartare

Føresetnad nummer 1: Raskare planlegging

Det tek i dag altfor lang tid å realisera jernbane- og vegprosjekt!

I siste nummer av Jernbanemagasinet blir prosessen fram mot opninga av nytt dobbeltspor mellom Lysaker og Sandvika illustrert punktvis over ei dobbeltside.

Planlegginga begynte med eit idéseminar i 1991. Ikkje før i 2007 starta bygginga – med opning i 2011. Det er 16 år med planlegging!

Truleg var så lang planleggingstid også ei orsaking for å sleppa løyvingar.

Gjennomsnittleg tek planlegginga  9-10 år. Det er også altfor lenge! Planleggingstida skal ned!

Før jul tok eg initiativ til ein idédugnad. Sentrale aktørar som representerte ulike delar av plansystemet, deltok. Mange nyttige innspel kom på bordet.

No skal gruppa koma med forslag til nedkorting av tida i ulike ledd.

Rapporten kjem seinast 1. april. Da er eg klar for å meisla ut vegen vidare.

Føresetnad nummer 2: Løyvingar

Løyvingane til jernbane er auka med nær 75 prosent sidan 2005. I ny NTP satsar vi på nok eit kjempeløft.

I planforslaget etatane nyleg la fram,var dei bedt om å planleggja for fleire rammer, den høgste ei auka ramme på 45 prosent.

Regjeringa har ikkje forplikta seg til ei slik satsing, men dette er eit tydeleg signal om at opptrappinga skal halda fram – sjølvsagt innanfor eit forsvarleg økonomisk opplegg.

Etatane blei også bedne om å gjere greie for kva dei ville prioritert om dei fekk enda større løyvingar, dei fekk høve til å omtala forslag til store satsingar.

45 prosent auke er  ikkje noko tak så langt. For fire år sidan blei etatane bedne om å planleggja for + 20 prosent som høgste ramme. Resultatet blei + 45 prosent.

Føresetnad nummer 3:Bruka pengane smartare

Alternativ finansiering:

o   Kostnadsoverslaga som kjem fram i etatane sitt planforslag, viser at prislappen på ein moderne jernbane for både persontrafikk og gods, er svært høg.

o   Per i dag gjeld modellen med årlege løyvingar over statsbudsjettet.

o   Vi har teke i bruk prosjektfinansiering, tre prosjekter har eigne postar på statsbudsjettet.

o   Vi har også eit arbeid i gong for å sjå nærare på alternative finansieringsformer.

o   To utgreiingar tinga av SD og mange andre innspel gir eit godt grunnlag for debatten inn i neste NTP.

Bruka pengane smartare, byggja raskare og meir samanhengjande.

Det gjeld både jernbane og veg. Også det er vi godt i gong med. Dei jernbaneprosjekta vi no set i gong, er dimensjonerte for høg fart og går inn i ein IC-strategi.

Jernbanen si rolle i framtida: Høgfartbanar, Intercity og gods

Rapporten frå Høgfartsutgreiinga og KVU-en om Intercity-trianglet har gitt Jernbane-Noreg eit kunnskapsløft.

Desse utgreiingane vil alle vi som er opptekne av jernbanen ha bruk for i mange år framover.

Rapporten om høgfartstog blei også ei realitetsorientering. Den minna oss på at det er dyrt å byggja jernbane, og særleg høgfartsbanar.

Samstundes gav det oss eit godt høve til å minna om at vi faktisk er i full gang med å byggja bane for tog med høg fart i Noreg. Vi byggjer for ein fart på 250 km/t.

Som Senterparti-statsråd beit eg meg særleg merke i det som kom fram om regional utvikling i utreiinga. Utbygging av høgfartsstrekningar kan dempa presset på dei største byområda våre, kan leggja til rette for meir busetjing, næringsliv og aktivitet langs strekningane, fordi det er lagt opp til stopp undervegs.

Utbygginga av IC-trianglet vil kunna vera eit første byggjesteg i ein framtidig høgfartsbane. Det er ikkje noko motsetnad mellom dei to utbyggingane.

Det er brei politisk semje om at det må byggjast ut dobbelspor på Intercity-strekningane.

Det er ikkje lenger eit spørsmål om ein skal byggja ferdig IC-trianglet, men når!

I ny NTP våren 2013 har eg lova pendlarane og dei som arbeider i Jernbaneverket og NSB ei tidfesting av dato. Det står eg ved.

Det er venta ein enorm folkevekst dei neste åra. Mykje av denne veksten vil skje i storbyområda. Dette skaper store transportutfordringar.

Desse må løysast gjennom å satsa på kollektiv i byane og veg i distrikta. Jernbane er dessutan ein måte å spreia veksten på.

No er vi i full gang på jernbanesida på Austlandet.

Det manglar likevel ein svært viktig føresetnad:

Kapasiteten gjennom Oslo må aukast! JBV skal, i lag med Oslo kommune og Akershus fylkeskommune få i oppdrag å utarbeida ein KVU for ny Oslo-tunnel!

Vi treng også ein nasjonal kollektivstrategi som inkluderer alle storbyområda våre. Vi har rigga til eit eige kollektivprosjekt i departementet for å utarbeida ein slik strategi. Her vert jernbanen ein sentral del. <vi må ta på alvor også veksten i andre storby-område, og at veksten kan spreiast!

Somme har tolka etatane sitt planforslag dit at vi må velja mellom  persontrafikk (utbygging av Follobanen) og godstrafikk (Alnabruterminalen).

Det er uaktuelt å velja vekk ein av dei. Det skal vera rom for både persontrafikk og godstrafikk i Jernbane-Noreg i framtida.

Korleis vi skal få det til, må vi koma tilbake til i NTP i 2013.

Vi er i gang med å revidera godsstrategien vår. Ei vurdering av terminalstrukturen blir viktig i den nye strategien.

Målet om meir gods over på bane og sjø der det medverkar til effektiv og miljøvennleg transport, står fast.
 

Til slutt:

Saman har vi snudd utviklinga for norsk jernbane.

Jernbanen var nedleggingsklar – no er jernbanen ein aktør å rekna med, med store planar for framtida.

Mykje er gjort, men mykje meir må gjerast om vi skal satsa på ein moderne jernbane i Noreg.

Det neste året er avgjerande. Ambisjonane har aldri vore større!

Eg gler med til debatten!

Lukke til! Og ha ein god konferanse!