Historisk arkiv

Regjeringa er på lag med syklistane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg i Aftenposten 29. oktober 2014

Regjeringa ønskjer å bygge langt meir sykkelveg enn det som gjerast pr. i dag. I statsbudsjettet for 2015 er det føreslått ein liten reduksjon i løyvingane til bygging av sykkelvegar langs riksvegane.

Dette blir meir enn tatt igjen av ein stor vekst i løyvingane til fylkesvegane. Alt i alt aukast utbygginga av sykkelvegar på riks- og fylkesvegar frå 106 kilometer i 2014 til 140 kilometer i 2015. Skuldingane om at Regjeringa ikkje tenkjer på syklistane, er feilaktige. Kritikarane ser berre på riksvegnettet. Dei siste åra er det blitt bygd færre kilometer med sykkelveg enn planlagt. Mange ordførarar har òg uttrykt uro for dei skyhøge kostnadene til sykkelvegprosjekta. Samferdselsdepartementet, Statens vegvesen, lokale styresmakter og sykkelorganisasjonane skal no sjå på korleis ein kan redusere kostnadene og auke utbyggingstakta for sykkelvegar. Dette skal bidra til fleire syklande - og betre framkome, miljø og helse.