Historisk arkiv

Politisk konferanse om NTP 2010-2019

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

2. mars 2009

Statssekretær Erik Lahnsteins innlegg på ”Politisk konferanse om NTP 2010-2019”, 2. mars 2009, i regi av Opplysningsrådet for Veitrafikken.

Innlegg på ”Politisk konferanse om NTP 2010-2019”, 2. mars 2009, i regi av Opplysningsrådet for Veitrafikken

Regjeringa sitt mål er moderne transportsystem i heile landet. Vi vil både ha jernbane og motorveg der det bur mest folk – og vi vil ha trygge og gode vegar slik at til dømes fisken frå nord kjem fram til Europa. Vi vil sikre at folk  kan velje kvar dei helst vil bu.

Vi har brukt 15 milliardar meir på veg og jernbane enn førre regjering. Vi har løfta veginvesteringane til deg høgaste nivået i moderne tid, noko som har vore heilt naudsynt på grunn av manglande vedlikehald gjennom mange år. Vi har auka jernbaneinvesteringane med 176 prosent. Vi har lagt om politikken slik at ressursane til veg og jernbane blir nytta mest mogleg effektivt for å sikre rask framdrift på prosjekta. Vi har auka vedlikehaldet, me har sikra rasjonell gjennomføring av igangsette prosjekt, vi har fjerna flaskehalsar og vi har innført differensierte kontraktstrategiar.

Vi la fram eit historisk godt budsjett, vi har lagt fram ei god tiltakspakke, og vi vil gjennomføre ei ytterlegare auka satsing i Nasjonal transportplan for 2010-2019.

Som første regjering overoppfyller vi dei økonomiske rammene i Nasjonal Transportplan. Vi er på rett veg, men mykje står att. Dette landet treng ei raudgrøn regjering som kan vidareføre dagens politikk. Om kort tid skal regjeringa leggje fram ein ny Nasjonal Transportplan for dei neste 10 åra. Det blir ein plan for å trappe opp innsatsen på veg og bane ytterlegare – i heile landet.

Nasjonal transportplan 2010-2019
Likevel – det er mykje som gjenstår og me set oss stadig nye mål. Me trur det trengst ein del nye grep, nærast ein samferdslereform, for å få gjort dei store viktige tinga raskast råd. Me må ta grep for å vedlikehalde jernbanen, vegane og hamnene våre – men me må også samstundes bygge meir nytt. Me må tenkje rettferd og at heile landet skal med. Alle har rett til dei same goda – uansett kvar dei bur. Det er det som er distriktspolitikk i praksis: bygge landet, ta heile landet i bruk – og dei same goda uansett kvar ein bur.

I mars skal me leggje fram ein ny nasjonal transportplan for de neste 10 åra – og sjølv om de veit at eg ikkje kan seie så mykje om innhaldet her i dag, kan eg love at me skal følgje opp satsinga i statsbudsjettet med eit ytterlegare løft på samferdsleområdet i nord, sør, aust og vest.

Dessutan veit me at det gjennom fleire tiår har vorte brukt for lite pengar både på investeringar og på vedlikehald. Difor er store deler av infrastrukturen nedsliten og lite oppdatert. Dette vedlikehaldsetterslepet kan me ikkje oversjå lenger. Nokon lyt ta ansvar, og det vil me ta. Transportetatane har i sitt forslag til NTP 2010-2019 føreslått ei vriding mot meir vedlikehald, og ei sterk auke av drifts- og vedlikehaldsinnsatsen vil nok bli ståande, også i endeleg NTP.

Når det er sagt, vil me også sjølvsagt ha størst mogleg rammer til investeringar. Det er stort behov for både strekningsvise investeringar og mindre tiltak. Me ønskjer ikkje berre å vedlikehalde landet, men òg å byggje det – og skal me få til det, må det meir pengar til. Me kan ikkje leve med at Noreg, som er på topp i det meste, har dårlegare infrastruktur enn nabolanda våre. Me har for mange alvorlege ulukker – om me aldri så mykje er blant dei i verda med best statistikk på området. Me har for mange flaskehalsar som forseinkar unødig både på veg og jernbane, me har for stor ras- og ulukkesfare, det tek for langt tid å kome seg gjennom eller forbi byane våre, og det er for liten kapasitet for transport av gods på bane. Slik kunne eg halde på.

Viktige prinsipp for transportpolitikken

Differensiering
I tillegg til å få auka potten til samferdsel, har det vore viktig for oss å få til ei differensiering mellom by og land i samferdselspolitikken. Me må bruke andre verkemiddel i byane enn i distrikta. I byane ønskjer me å satse på jernbane, kollektivtrafikk, innfartsparkering som gjer innreise effektiv, og ringvegar som gjer gjennomfart effektiv, i staden for generell meir vegkapasitet som bidreg til ytterlegare vekst i biltrafikken.

All forsking og internasjonal erfaring viser at det ikkje er nok berre å satse på betre tilrettelegging for kollektiv, gang- og sykkel dersom ein vil dempe bruken av bil i byane. Skal me få god effekt, må me også gjennomføre effektive og restriktive tiltak i høve til biltrafikken. Statsråden har difor gjennomført møte med praktisk talt alle storbyområda for å drøfte behovet for meir effektive heilskaplege pakkar – som inneheld ein kombinasjon av pisk og gulrot. Her er til dømes køprising sentralt. I distrikts-Noreg er vegen ofte einaste alternativet, då må òg satsinga på gode transportløysingar dreie seg om nettopp vegen.

Det er viktig å sjå veg, jernbane og hamner i samanheng. Der utfordringar ikkje kan løysast med jernbane, må vegsatsinga aukast i staden. Me må arbeide for gul midtstripe på alle stamvegar, heile landet må få framkomelege hovudvegar – og det må satsast på rassikring.

Både i byene og distrikta må me nok innsjå at bompengar er komne for å bli om vi skal få til eit høgt investeringsnivå. Til og med FrP ser ut til å innsjå det, der dei ikkje er i kostnadsfri og bekymringsfri opposisjon. Det er reelt sett semje om bompengepolitikken i Norge. Me kan like det eller ei, men sånn er det per i dag.

Effektiv pengebruk
I tillegg til å bruke meir pengar, er me opptekne av å bruke pengane mest mogleg effektivt. Me ønskjer å fullføre oppstarta prosjekt raskast mogleg i staden for stadig å setje i gang nye prosjekt med små midlar. Slik får me raskare vinst – og dermed større samfunnsnytte. Då me overtok regjeringskontora var ei rekkje større samferdselsprosjekt starta opp med særs små midlar. Føresetnadane som vart lagt til grunn i førre nasjonale transportplan har ikkje slått til. Trafikkveksten har vore større enn venta, kostnadane har vorte høgare, og behovet for drift og vedlikehald var blitt kraftig undervurdert. Me har auka løyvingane markant. Hadde me ikkje gjort det, ville det blitt uråd å halde kostnadseffektiv framdrift på ein del av prosjekta, men endå er me ikkje nøgde. Det må satsast endå meir på samferdsel, og for at me skal kunne gjere det, må det meir pengar til sektoren, uavhengig om me meiner det er mest fornuftig å kjøpe på avbetaling – her tenkjer eg på dei mykje omtalte alternative finansieringsformene – eller ei.

Til sjuande og sist kokar alt ned til den budsjettmessige prioriteringa av samferdsel. Dei årlege prioriteringane i budsjetta er avgjerande – det er det ikkje mogleg å organisere seg vekk frå. Framtidas infrastruktur krev vilje til å satse – ikkje berre ord, men pengar.

Næringslivets transportbehov
Næringslivet vårt har på grunn av lange avstandar og vanskeleg geografi dårlegare tilgang til dei internasjonale marknadane enn næringsliv i dei fleste andre land, både på grunn av lange avstandar, på grunn av fjordar og fjell, fordi me har eit næringsliv med mykje ”ferskvare”, blant anna landbruksprodukt, som skal reise langt. Det er store verdiar som dagleg blir flytta på norske vegar, og mange lager finst på vegen til kvar tid.  For at dette skal fungere må vegane vere opne, føreforholda gode, rasfaren så liten som råd, ferja gå med høg frekvens om ho ikkje kan avløysast av fast samband etc. Me vil aldri kunne bli kvitt avstandsskilnadane mellom Noreg og konkurrerande land tettare på marknadane, men me kan utjamne skilnadane slik at me framleis får eit livskraftig næringsliv i utvikling. For at dette skal fungere må vegane vere opne, føreforholda vere gode, rasfaren så liten som råd, ferja gå med høg frekvens om den ikkje kan avløysast av fast samband etc.

Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak for å gje næringslivet betre transportvilkår, ikkje minst for å flytte meir godstrafikk over frå veg til bane. Me er også opptekne av at vi må ha en rutevis gjennomgåande standard mellom by og land, tettbygde og meir grisgrendte strok og at me må ha velfungerande korridorar til omlastingsterminalar, knutepunkt og eksportmarkedane i utlandet.

Trafikktryggleik
Så kan eg ikkje unngå å nemne trafikktryggleik. Me opplevde i 2008 ei auke i talet på drepne i trafikken sjølv om talet på skadde har gått noko ned, og dei siste tre månedane har vore betre enn dei var i fjor. Det er ikkje utan grunn at me valde å doble potten til strekningsvise tiltak. Mindre tiltak som utbetring av kryss, fjerning av farleg sideterreng, vegbelysning, midtmarkering osv kan verke smått, men me veit at det er særs effektivt for å få redusert talet på ulukker. Fokuset på trafikktryggleik vil vere særs viktig for regjeringa også framover.

Klimaproblema
Sist, men ikkje minst, er eit viktig prinsipp for oss å føre ein transportpolitikk som tek omsyn til dei alvorlege klimaproblema me står overfor, noko me ikkje må gløyme sjølv om me no står oppe i ei krevjande økonomisk tid. Me må vere villige til å ta grep som gjer at me tek vare på jorda for barnebarna våre. Budsjettet for 2009 inneheld ei rekkje tiltak for å gjere samferdselssektoren meir miljøvennleg. Me gjennomfører ei historisk satsing på jernbane, me doblar Belønningsordninga for betre Kollektivtrafikk i byene – og me gjennomfører ei ytterlegare differensiering av eingongsavgifta. Me er dessutan glade for at me no får på beina eit såkalla Transnova, som skal liggje i Trondheim vere transportsektoren sitt svar på Enova, og gjennom økonomisk stønad og rådgjeving skal bidra til at fossilt og forureinande drivstoff blir bytt ut med fornybare og utsleppsfrie drivstoff.

Det er tøffe tider landet vårt er inne i for tida, med finanskrise, klimakrise og matkrise, men det er som kjent i motbakke det går oppover, og me er i tillegg så heldig stilt her i landet at me har store ressursar og stor handlefridom. Den dugnaden me no har framfor oss vil utan tvil gje eit løft for transportsystema våre og gjere dei meir framtidsretta, men også etter tiltakspakka vil det vere store utfordringar å ta tak i. Samferdsel er med på å sikre at folk òg i framtida kan bu, arbeide og starte bedrifter i heile det langstrakte, landet vårt. Dermed er samferdsel ein av dei beste måtane å sikre velferd og verdiskaping på – me er stolte av det me har fått til, men det er viktig at området blir prioritert politisk, også i framtida. Den oppgåva er den raudgrøne regjeringa klar for å ta – om me får fornya tillit til hausten!

Og med det seier eg takk for meg, no ser eg fram til å få spørsmål og innspel frå dykk!