Historisk arkiv

Opning av hurtigladestasjon - E39 Fjøsanger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Tale ved opninga av hurtigladestasjon ved E39 Fjøsanger i Bergen, 5. november 2012.

Elbilvenner – og anna godtfolk,

Skal vi få ned klimagassutsleppa frå transportsektoren, må  forbruket av fossilt drivstoff reduserast. For få til dette må vi mellom anna leggje til rette for overgang til transportformer med lågare utslepp.

Sterkare satsing på kollektivtransport, god arealplanlegging og restriktive tiltak overfor personbiltrafikk i byområde – er nokre av grep som må takast. I tillegg må utsleppa frå det enkelte køyretøy reduserast, ved å bruke mindre energi per køyrde kilometer eller ved å bruke drivstoff eller energiberar med låge utslepp.

Elbilar er fritekne for det meste av avgifter. I tillegg til avgiftsfritaka følgjer det også med andre gode: Ein elbil kan køyre i kollektivfeltet, har gratis bompassering på offentleg veg og gratis parkering på offentlege parkeringsplassar.

Dessutan: Du betalar ikkje for elbil på ei riksvegferje, berre for føraren og passasjerar.

Med desse ordningane har Noreg verdas beste rammevilkår for elbil. Ikkje noko anna land har fleire elbilar, sett i høve til folketalet. Vi nærmar oss 9000 elbilar i Norge. Hittil i år er det registrert over 3000 nye personbilar med elmotor, det er 140 prosent fleire enn i samme periode i fjor. I september i år stod elbilar og ladbare hybridbilar for 5,2 prosent av salet av nye personbilar, noko som plasserer oss på verdstoppen.

Vi ser no også vekst i elbiltalet utanfor dei store byane. Det kan tyde på at elbil i mange tilfelle kan vere eit lønsamt alternativ, sjølv om eigarane her ikkje har særleg nytte av tilgang til kollektivfelt eller gratis parkering. Dette er ei svært gledeleg utvikling.

Transnova har blitt eit permanent organ og er organisert som ei eiga eining i Statens vegvesen. Hovudoppgåva er å bidra til reduserte klimautslepp i transportsektoren. Transnova er ein  viktig aktør i arbeidet for mer miljøvennleg transport. Transnova har mellom anna  gitt støtte til 1830 normalladepunkt og 51 hurtigladepunkt.

Ebilar i Noreg er drivne av fornybar energi frå elvar og vatn. Dei har ikkje utslepp som fører til lokal luftforureining. I ei tid der store byar - til dømes Bergen – slit med å halde seg innanfor grenseverdiane for NO2, kan elbilane også vere med på å gjere bylufta betre.

Med opninga av denne hurtigladestasjonen på Fjøsanger er nok ein av mange, mange brikkar på plass for å leggje til rette for enda fleire elbilar på norske vegar.

Dette er ein av tre hurtigladestasjonar på strekninga Bergen – Stavanger og eit tilbod til dei etter kvart stadig fleire som vil køyre med elbil som kan nytte hurtigladar.

Mange gode krefter står bak utbygginga av ladestasjonar.

Til dei tre engergiselskapa BKK, Bergenhalvøens kommunale kraftselskap, SKL Sunnhordland Kraftlag og Lyse og til gode medspelarar i Transnova – vil eg seie dette:
Takk for innsats og velgjort arbeid – og lukke til vidare i arbeidet for meir miljøvennleg vegtrafikk!

Og med dette har eg gleda å erklære hurtigladestasjonen  på Fjøsanger for opna og klar til bruk!