Korleis styresmaktene legg til rette for
transport og logistikk for norsk næringsliv
Statssekretær Steinulf Tungesvik,
Samferdselsdepartementet
DHL og Geelmuylden-Kiese sitt Transport- og logistikkseminar
22. juni 2006.
Denne regjeringa (Senterpartiet)
ønskjer å byggje landet og ta landet i bruk.
Samferdsel er ein viktig føresetnad
for busetjing, næringsutvikling og ressursutnytting.
Transportpolitikken er eit verkemiddel for å skape vekstkraftige og
attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar. Regjeringa legg stor
vekt på utvikle ein transportpolitikk som dekkjer næringslivets
transportbehov i alle delar av landet.
Norsk næringsliv har store
utfordringar med lange transportavstandar til marknadene.
Transportkostnadene – som me kallar avstandskostnadene – er høge
samanlikna med mange andre land, særleg for næringslivet i
distrikta. Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for
rimelege, pålitelege og effektive transportar. Dette vil vere med
på å gjere næringslivet meir tevleført. Dette er ei stor utfordring
fordi Noreg er eit langt og spreiddbygt land. Kostnadene ved å
leggje til rette for billege og effektive transportar er difor
høge.
Regjeringa ønskjer difor å satse
meir på samferdsel. Me er særleg opptekne av å prioritere tiltak
som vil betre rammevilkåra for næringslivet. Regjeringa har difor
auka løyvingane til samferdsel både i statsbudsjettet for 2006 og
revidert nasjonalbudsjett. Til saman ein auke på 835 mill kr, av
eit budsjett på 21 mrd kr (altså 4 % vekst på toppen av Bondevik
II. Meir på vegsida). Styrkinga av kommuneøkonomien vil óg gje rom
for meir satsing på samferdselstiltak (fylkesvegar,
kollektivtrafikk, kommunale vegar).
Regjeringa sin ambisiøse
transportpolitikk skal også gje seg utslag i nivået på
samferdselsinvesteringane.i tida framover. Veginvesteringane er
viktige, særleg i distrikta. Vi står difor framfor store
utfordringar i vegsektoren. På riksvegnettet er det store behov når
det gjeld løyvingar både til investeringar og vedlikehald.
Stamvegane skal vere effektive transportkorridorar mellom
landsdelane og til resten av Europa. Regjeringspartia har i Soria
Moria-erklæringa framheva behovet for å styrkje det sekundære
riksvegnettet og også fylkesvegane, for å utløyse større
verdiskaping.
Transportmønstra nasjonalt og internasjonal endrar seg over
tid
- Større del av importen kjem frå lågkostland særleg i Asia, og
importen veks raskare enn eksporten. Dette heng saman med
næringsutviklinga og ein meir globalisert økonomi.
- Sentraliseringa av lager og produksjon, også på tvers av
landegrenser, aukar transportavstandane.
- I nasjonale transportar ventar ein høgare frekvens og mindre
sendingar.
- Godstransporten er effektivisert og venta å verte endå meir
effektiv og billegare. IKT er ein viktig faktor bak denne
utviklinga.
Desse endringane påverkar
godsvolum, varetype, transportform og transportkorridor. Desse
utviklingstrekka kan ventast å halde fram, og vi må ta omsyn til
dei når vi utformar transportpolitikken for perioden fram til 2019
i neste nasjonale transportplan.
Utfordringane nasjonalt varierer mellom by og land
I byane er problema for godstransporten nært knytt
til trafikkflyt, effektive terminalar og gode tilknytingar mellom
hamner og terminalar. Å auke kollektivtilbodet er viktig for folk i
område med miljø- og køproblem. Dette vil føre til at både folk og
gods kjem raskare fram. At godstransporten ikkje blir forseinka
gjennom dei store byane er viktig for heile landet. I og rundt
store byområde, til dømes Oslo, gjer vi mykje mellom anna for å
løyse kapasitetsproblema på jernbane, som er vel så store som på
veg.
Som eg nemnde i innleiinga er alle
delar av infrastrukturen viktige. I område med mindre kø er
standarden på infrastrukturen ei større utfordring enn kapasitet.
Det inneber at sjølv om stamvegar og korridorar er viktige, er det
ikkje alltid slik at stamvegnettet er det svakaste leddet i
transportkjeda. Andre riksvegar og fylkesvegar er svært viktige for
mange næringar. Dette gjeld mellom anna fiskerinæringa og dei store
industriverksemdene, t.d. på Vestlandet men også andre landsdelar.
Gode tilknytingsvegar til stamnettet er naudsynt for å få ei rask
og effektiv avvikling av transporten. Bransjeorganisasjonane gjev
oss også klåre meldingar om at det er riksvegnettet utover i landet
– utanom det sentrale austlandsområdet, som no får dei desidert
største investeringane – som har størst behov. Regjeringa legg
difor stor vekt på å prioritere ”andre riksvegar”.
Regjeringa satsar stort på
rassikring. Dette har mykje å seie for opne vegar vinterstid, for
framtidstrua og dermed næringsutvikling i distrikta.
Transportkvaliteten er ein faktor som har aukande betydning over
tid.
Utfordringar for godstransporten
Hovudansvaret for å få til betre konsentrasjon av
godsstraumar ligg på næringslivet ut frå lønnsemdprinsipp. Den
geografiske utstrekninga i Noreg med spreidd produksjon fører til
tynne konsentrasjonar av gods. Biltransport er den mest fleksible
og tidseffektive transportform for dei fleste innanlandske
transportstrekningane. Det er difor naudsynt å styrkje både
vegtransporten og intermodal transport. Å leggje til rette gjennom
å styrke infrastrukturen eller stimulere til samarbeid på
IKT-området kan styrke dei intermodale transportane. Val av
transportløysning må gjerast av transportbrukar og transportør i
samarbeid.
Tiltak som medverkar til å
effektivisere godstransporten:
- Betre infrastruktur
- Konsentrasjon av godsstraumar til korridorar og auka bruk av
einskapslaster som gir grunnlag for å opprette nye
konteinerruter.
- Effektivisere terminalane gjennom betre terminalstyring og
integrasjon mellom IKT-systema til aktørane. Ein meir effektiv
terminalstruktur kan gi betre tenestetilbod og lågare prisar.
Å auke kapasiteten på
jernbanenettet vil leggje til rette for auka transportvolum med
jernbane. Investeringane som nå blir gjort i Osloområdet vil
medverke til å auke jernbanens konkurransekraft. Det blir gjort
utbetringar i infrastrukturen på fleire andre viktige
strekningar.
Godsterminal for bil/jernbane i
Ganddal i Rogaland og ombygging av godsterminalen på Alnabru vil
medverke til ein meir effektiv og fleksibel godshandtering.
Cargonet har utvikla eit tilbod for containertransport på jernbane
og transportvolum er aukande.
Det er eit mål å overføre gods frå
veg til sjø og bane der dette er ønskjeleg ut frå omsynet til
miljø, tryggleik og framkomst. Det er særleg på dei lange
avstandane at sjø og bane kan konkurrere med vegtransport. Her har
allereie sjø og bane monalege prosentdelar av transportarbeidet,
men vegtransportens del er aukande. Også i høve til manglande
kapasitet i transportnettet i Europa kan styrking av sjøtransporten
vere viktig. I norsk utanrikshandel har sjøtransporten allereie ein
dominerande posisjon. Vi står difor overfor store utfordringar når
vi ønskjer å føre ein politikk som skal gje ei anna og meir
miljøvennleg samansetjing av transporten.
Eit verkemiddel i samband med dette
har vore norsk deltaking i EU sitt Marco Polo-program som har som
hovudmål å fremje eit meir miljøvenleg transportsystem gjennom
finansiell oppstartsstøtte til transportløysingar som bidrar til
overføring av godstransport frå veg til sjø og bane. Gjennom Marco
Polo kan det bli gjeve stønad til å opprette nye transportruter,
noko som sjølvsagt fører med seg auka risiko og kan gje auka
kostnader. Programmet er no utvida både når det gjeld verkeområde
og budsjett. Vi har no til vurdering om Noreg skal delta i dette
nye utvida programmet frå 2007.
Hamnepolitikken er eit viktig
element for å styrke godstransporten på sjø. Som kjent er det
Fiskeri- og kystdepartementet som forvaltar staten sin politikk på
dette området. Eg kan forsikre om at vi har eit nært samarbeid med
Fiskeri- og kystdepartementet for å sikre at vi får eit
transportsystem der alle transportformer fungerar godt saman.
Ved å utnytte fortrinna til dei
enkelte transportformene og samstundes betre samspelet mellom
transportformene vil ein kunne auke effektiviteten og redusere
kostnadane ved transport. Vår monalege satsing på IKT og forsking
er viktig for å få dette til jf. forskingsprogramma LOGITRANS og
PULS.
Vi finansierer no eit prosjekt ved
SINTEF og TØI om IKT i transport som både vil sjå på:
- Kva vi kan lære av tidlegare erfaringar nasjonalt og
internasjonalt
- Moglegheiter framover for å ta i bruk IKT for å effektivisere
transportsektoren
- Kva for verkemiddel kan styresmaktene ta i bruk for å legge til
rette for bruk av IKT i transportsektoren for å transportpolitiske
mål.
Vi vil i haust utlyse
eit nytt forskingsprogram i NFR-regi om næringslivets
transportar der IKT i transport er ein sentral faktor.
Dette er mellom anna ei oppfølging av departementet sin
forskingsstrategi, der kunnskap om og for næringslivets transporter
er gitt høg prioritet.
Arbeid framover med Nasjonal transportplan
2010-2019
Nasjonal transportplanarbeidet er heilt sentralt for å
styrkje næringslivets transportar, herunder godstransport. Viktige
milepælar i dette arbeidet er:
- Retningslinene for SVV/JBV/KV/Avinor sine arbeid vart sendt ut
i januar i år.
- Etatane sine planforslag skal leggjast fram i januar 2008.
- Stortingsmeldinga om NTP skal leggjast fram i desember
2008.
Hovuddelen av arbeidet pågår no i
transportetatane både på regionalt og sentralt nivå. Det er
oppretta regionale kontaktutval. Det er eit monaleg fokus på
godstransportarbeidet. Det er viktig at alle partar som har
interesser på dette området, engasjerer seg for å få til gode
løysningar i sine regionar. Gjennom ein open og inkluderande
planprosess kan alle medverke til ein transportplan som best
mogeleg svarar på utfordringane i transportsektoren.
Etatane arbeider med å utvikle og
presentere den kunnskap som finst om tiltak og verkemiddel for å
styrkje intermodal transport og effektive terminalar som eit
grunnlag for å overføre gods frå veg til sjø og bane. Utgreiinga
skal innehalde generelle vurderingar av konkurranseflatane mellom
transportformer og potensial for å overføre gods frå veg til sjø og
bane med dei verkemidla og tiltak som er mogeleg å ta i bruk.
Effektive terminalar er sentrale
for å få styrkje godstransporten, spesielt den intermodale
godstransporten. Terminalane er også viktig for å få til betre
konsolidering av godset, betre kapasitetsutnytting og dermed lågare
kostnader for godstransport. Det pågår mykje utgreiingsarbeid på
dette området for å vurdere mogelege offentlege tiltak for å få til
betre løysingar.
Rammevilkår for dei ulike
transportformene omfattar mellom anna avgifter, brukarbetalingar og
ulike reguleringar som set rammer for transportaktiviteten. Det
pågår nå et arbeid for å vurdere om rammevilkår for godstransport
byggjer opp under dei transportpolitiske måla.
Etatane har sett i gang eit arbeid
ved Møreforsking der viktige godstransportstraumar og
godstransportkorridorar analyserast. Parallelt arbeider etatane med
stamnettsutgreiingar. Disse vert ferdige i oktober.
Stamnettsutgreiingane vil gje oppdatert informasjon om behova for å
vidareutvikle infrastrukturen. I den samanheng vil det bli vurdert
stamvegtilknyting til alle nasjonale hamner. Dette vil være viktige
bidrag til arbeidet med korridorutgreiingane som skal startast opp
til hausten. I korridorutgreiingane vil dei ulike
transportsektorane bli sett i samanheng.
Samarbeid med næringslivet er ein
viktig del av NTP-arbeidet. Det er oppretta ei referansegruppe for
det førebuande arbeidet i transportetatane, der næringslivet er
representert.
Transportbrukernes
fellesorganisajon (TF) skal arrangere ein Transportbrukerkonferanse
11.-12. oktober om næringslivets transportbehov. Det har vore ein
god dialog mellom transportetatane og TF og til dels med
departementet om planlegging av denne konferansen.
Følgjande tema vil være
sentrale:
- Transportpolitikk generelt
- Logistikk
- Forsking
- Internasjonale problemstillingar
- NTP 2010-2019.
Det kan vere aktuelt for
næringslivet å lage ei ”Kvitbok” om transport.
Avslutning
Eg vil gjerne takke for meg og håper at eg har synleggjort at
næringslivets transportar er viktig for oss. Politikken vert
utarbeidd i nært samarbeid med næringslivet. Omsynet til
næringslivet må og avvegast i forhold til andre omsyn og
interesser.