Høyringsbrev

Samferdselsdepartementet gjer her framlegg om endringar i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova). Høyringsnotat og framlegg til lovendringar kan lastast ned på Samferdselsdepartementet sine heimesider:

https://www.regjeringen.no/nb/dep/sd/dok/hoeringer/paa_hoering.html?id=2067

Framlegget til lovendringar omfattar:

(i)  heimel for å krevje at transportørar som søkjer løyve for person- og gods- transport på veg etter §§ 4 og 5 i yrkestransportlova skal vere etablerte i Noreg.
(ii)  heimel for å opprette og drifte eit elektronisk register over transportørar på veg.
(iii) heimel for løyvestyresmaktene til å erklære personar som har gjort alvorlege brot på regelverket uskikka til å leie transportverksemd i alle EØS-land.
(iv) overføring av ansvaret for å utferde løyve for nasjonal vegtransport som ikkje er behovsprøvd frå fylkeskommunane til Statens vegvesen (SVV).
(v)  overføring av ansvaret for å utferde løyver for internasjonal vegtransport frå Samferdselsdepartementet til Statens vegvesen (SVV).
(vi) ei tilpassing i lova som legg til rette for at fellesskapsløyve og skal gjelde som løyve for nasjonal transport som ikkje er behovsprøvd.
(vii) innføring av ei avgrensing i tid på 10 år for kor lenge dei løyva som ikkje er behovsprøvde er gyldige.
(viii) heimel til å fastsetje i forskrift ei avgrensing i tid for dei løyva som er gjevne før denne lova tek til å gjelde.
(ix) ei presisering i føresegna om løyve for persontransport utanfor rute (§ 9) som ikkje inneber noko reell endring av rettsstoda på området.
(x)  retting av skrivefeil i yrkestransportlova § 10 (1).

Yrkestransportlova sine reglar om løyve for sjøtransport vert ikkje omfatta av framlegget.

Bakgrunn for lovframlegget
Framlegga til lovendringane i punkt (i) til (iii) over vert gjort for å gjennomføre Europaparlaments- og rådsforordningar (EF) nr. 1071/2009 om innføring av felles regler med hensyn til vilkårene som må oppfylles for å utøve yrket som transportør på vei og om oppheving av rådsdirektiv 96/26/EF, nr. 1072/2009 om felles reglar for tilgang til den internasjonale marknaden for godstransport på veg og nr. 1073/2009 omfelles regler for adgang til det internasjonale markedet for transport med turvogn og buss og om endring av forordning (EF) nr. 561/2006 av 21. oktober 2009. Samla vert forordningane omtala som vegpakken. Den danske versjonen av dei tre forordningane kan lastast ned på:

https://www.regjeringen.no/nb/dep/sd/dok/hoeringer/paa_hoering.html?id=2067

Vegpakken er langt på veg ei vidareføring av gjeldande rett på området. Samferdsels- departementet har heimel i yrkestransportlova §§ 10 (4) og 35 til å gjennomføre det meste av innhaldet i dei nye forordningane i forskrift.

På enkelte punkt er det likevel nødvendig å endre yrkestransportlova for å gjennomføre reglane i vegpakken. Dette gjeld innføring av heimel for det nye kravet om tilgang til yrket som slår fast at ein transportør må vere etablert i det landet der vedkommande søker om løyve (i), for å føre eit register over vegtransportørar som inneheld einskilde sensitive personopplysningar (ii), og for at løyvestyresmaktene skal kunne erklære ein transportleiar uskikka til å drive transportverksemd i heile EØS (iii).

Framlegg til lovendringar om å overføre ansvaret for å utstede løyve for nasjonal vegtransport som ikkje er behovsprøvd frå fylkeskommunane til Statens vegvesen (SVV) (iv), og ansvaret for å utferde løyve for internasjonal transport frå Samferdsels- departementet til SVV (v), er ikkje ei direkte følgje av implementeringa av vegpakken. Framlegget kjem som følgje av at departementet  i samband med arbeidet med implementeringa av vegpakken har gjort ei nærare vurdering av organiseringa av løyvestyresmakta. Departementet er kome til at det vil vere ei fornuftig løysing å leggje ansvaret for administrasjonen av dei løyva som ikkje er behovsprøvde til eitt nasjonalt organ. Framlegget vert mellom anna gjort for å sikre likehandsaming av løyvesøknader.

Framlegget om å tilpasse yrkestransportlova for å leggje til rette for at fellesskapsløyve og skal gjelde som løyve for nasjonal transport som ikkje er behovsprøvd (vi), vert gjort som følgje av at vilkåra for nasjonale og internasjonale løyve er likelydande.

Framlegget om å avgrense tida eit løyve er gyldig for til 10 år kjem som følgje av framlegget om at fellesskapsløyve og skal gjelde som nasjonalt løyve(vii). Etter dei nye EU-reglane skal fellesskapsløyve gjelde for ein periode på maksimalt 10 år. I tillegg vert det gjort framlegg om heimel til å fastsetje i forskrift ei avgrensing i tid for dei løyva som er gjevne før denne lova tek til å gjelde (viii).

Framlegga til endringar i yrkestransportlova §§ 9 (1) og 10 (1) er ikkje meint å ha reelle verknader. Endringane er opprettingar av ei upresis formulering og av ein skrivefeil.

Tidlegare utkast til forordningar vart sende på høyring i Noreg 17. september 2007.

Tidsplan
Dei tre forordningane i vegpakken vart vedtekne i EU 25. september 2007, og trådde i kraft i EU i sin heilskap 4. desember 2011. Det er venta at EØS-komiteen vil fatte vedtak om å innlemme forordningane i EØS-avtalen.

Fordi gjennomføring av forordningane i norsk rett krev lovendring må Stortinget gje sitt samtykke før norske styresmakter vert forplikta til å gjennomføre forordningane

Ut frå den forventa tidsplanen for innlemming av vegpakken i EØS-avtalen, bør lovendringane som legg til rette for implementeringa av forordninga truleg tre i kraft i Noreg i løpet av 2013. Lovendringar som gjeld omlegging av løyvestyresmaktene og sjølve løyveordninga treng noko lenger tid for tilrettelegging før dei kan tre i kraft. Det er og nødvendig å gjøre endringar i forskriftene til yrkestransportlova.

Det vert gjort framlegg om at lovendringane skal gjelde frå den tid Kongen fastset.

Dersom departementa ser at relevante underliggjande etatar ikkje er tekne med i høyringslista, ber vi om at høyringsnotatet vert vidareformidla til desse.

Frist for å kome med merknader til høyringa er 8. februar 2012. Fristen er satt noko kortare enn den normale fristen på 3 månader fordi det er viktig at det er tilstrekkeleg tid til å fremme ein lovproposisjon i saka innan påske av omsyn til å kunne gjennomføre dei nødvendige regelendringane innan fristen når forordningane vert tekne inn i EØS-avtalen. Det er i denne samanhangen teke omsyn til at framlegg til forordningar om tilgang til yrket og marknaden innan vegtransport har vore på høyring tidlegare.

Med helsing

Arnfinn Øen (e.f.)
avdelingsdirektør
 

Anne-Lise Junge Jensen
underdirektør

Høyringsbrevet som pdf