Konseptvalgutredning (KVU) for Voss - Arna

På oppdrag fra Samferdselsdepartementet har Statens vegvesen og Jernbaneverket utarbeidet konseptvalgutredning (KVU) for Voss - Arna.

På oppdrag fra Samferdselsdepartementet har Statens vegvesen og Jernbaneverket utarbeidet konseptvalgutredning (KVU) for Voss - Arna. Rapporten omfatter strategier for utviking av transportåren fram mot 2050.

I sammendraget i rapporten heter det blant annet:

"Konklusjon

Det er naudsynt å bygge ut E16 på heile strekninga Arna - Voss for å oppfylle krava i tunneldirektivet. Tilsvarande absolutte krav til tunneltiltak finst ikkje for jernbanen, men ei samtidig utbygging av heile strekninga Arna – Voss gir større nytte av dobbeltspora enn berre å bygge ein del av strekninga. Statens vegvesen og Jernbaneverket tilrår at konsept «K5 Stor innkorting bane og veg - kombinasjonsløysing» vert lagt til grunn for vidare planlegging etter plan- og bygningslova.

Heile strekninga Arna-Voss bør byggast ut samla som eit felles tiltak. Dette bør skje som eit eige prosjekt med samla finansiering og felles organisering. Kostnaden er rekna til om lag 33 mrd. kr.

Både Jernbaneverket og Statens vegvesen prioriterer å starte utbygginga frå Arna, dvs. å bygge strekninga Arna – Vaksdal først. Med samtidig utbygging av jernbane og veg kan denne strekninga gjennomførast til ein kostnad på 9 mrd. kr. Strekninga Vaksdal – Voss vil krevje ei samla investering på 24 mrd. kr.

Dersom det ikkje er råd å få finansiert ei samla utbygging av heile strekninga, må E16 byggast ut som eit eige prosjekt for å oppfylle tunnelforskrifta. Dette kan gjennomførast ved å bygge firefelts veg på heile strekninga Arna – Vaksdal og ein parallell rømmingstunnel på tofeltsstrekninga Vaksdal – Voss. Totalt vert dette ein ekstra kostnad for veginvesteringa på 5 mrd. kr jamført med samla utbygging av veg og jernbane. Veginvesteringa kostar om lag 17 mrd. kr i staden for om lag 12 mrd. kr ved parallell utbygging."

Rapporten ble overlevert samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen 1. april 2014.

KVU Arna - Voss: Konseptvalutgreiing for transportløysing veg/bane (pdf)