Regionale flyruter: Tildeling av
einerett for drift av 16 ruteområde
Samferdselsdepartementet har i dag
tildelt Widerøes’ Flyveselskap, Coast Air, Kato Airline og Danish
Air Transport einerett for drift av regionale flyruter i Noreg.
Tildelinga gjeld for perioden 1. april 2006 – 31. mars 2009.
Dei regionale flyrutene som er
omfatta av denne tildelinga har til saman om lag 750 000
passasjerar kvart år og trafikkerer 19 lufthamner. Tildelinga gjeld
i alt 16 ruteområde. Den gjennomsnittlege årlege godtgjersla frå
staten til dei fire flyselskapa i kontraktperioden utgjer i alt
321,5 millionar kroner.
Vedtaka om tildeling av einerett
for drift av regionale flyruter er gjort etter ein open
anbodskonkurranse i EØS-området. For dei 16 ruteområda fekk
Samferdselsdepartementet inn anbod frå seks flyselskap.
For kvart av ruteområda har
Samferdselsdepartementet valt det selskapet som har det lågaste
kravet om driftstilskott frå staten, og som dessutan oppfyller alle
krava som er sette for drifta av den enkelte flyrute. Desse krava
omfattar mellom anna billettprisar, talet på avgangar, storleik på
flya og tilrettelegging for dei som er funksjonshemma.
Tildelinga av einerett for drift av
regionale flyruter, med driftstilskott frå staten, blir slik for
perioden 1. april 2006 – 31. mars 2009:
Ruteområde | Flyselskap | Gjennomsnittleg tilskott pr. år
(i 1000 kr.) | Flytype |
1 | Lakselv – Tromsø | Widerøes’ Flyveselskap | 12 711 | DH-8 103/300 |
2 | Andenes – Bodø, Andenes –
Tromsø | Coast Air | 22 190 | ATR-42 |
3 | Svolvær – Bodø | Widerøes’ Flyveselskap | 23 650 | DH-8 103 |
4 | Leknes – Bodø | Widerøes’ Flyveselskap | 21 487 | DH-8 103 |
5 | Røst – Bodø | Kato Airline | 5 316 | Dornier 228 |
6 | Narvik (Framnes) – Bodø | Widerøes’ Flyveselskap | 17 624 | DH-8 103 |
7 | Brønnøysund – Bodø, Brønnøysund –
Trondheim | Widerøes’ Flyveselskap | 9 388 | DH-8 103 |
8 | Sandnessjøen – Bodø, Sandnessjøen –
Trondheim | Widerøes’ Flyveselskap | 21 605 | DH-8 103 |
9 | Mo i Rana – Bodø, Mo i Rana –
Trondheim, Mosjøen – Bodø, Mosjøen – Trondheim | Widerøes’ Flyveselskap | 48 981 | DH-8 103 |
10 | Namsos – Trondheim, Rørvik –
Trondheim | Widerøes’ Flyveselskap | 27 068 | DH-8 103 |
11 | Florø – Oslo, Florø – Bergen | Danish Air Transport | 14 850 | ATR-42 |
12 | Førde – Oslo, Førde – Bergen | Widerøes’ Flyveselskap | 14 758 | DH-8 103 |
13 | Sogndal – Oslo, Sogndal –
Bergen | Widerøes’ Flyveselskap | 29 604 | DH-8 103 |
14 | Sandane – Oslo, Sandane – Bergen,
Ørsta-Volda – Oslo, Ørsta-Volda – Bergen | Widerøes’ Flyveselskap | 39 277 | DH-8 103 |
15 | Fagernes – Oslo | Coast Air | 9 138 | Jetstream 31/32 |
16 | Røros - Oslo | Coast Air | 3 870 | ATR-42 |
I alt | | 321 515 | |
Til redaksjonen
For nærmare opplysningar, sjå
anbodsinnbyding og
pressemelding av 02.09.05
"Seks flyselskaper ønsker
å drive flyruter i Norge".