Samferdselsminister Liv Signe Navarsete:
Gratis ferjetransport – skal utgreiast
Kva for følgjer vil ei ordning med
gratis ferjetransport få for folk og næringsliv og for utvikling av
bu- og arbeidsmarknadsområde? Kva blir dei administrative og
økonomiske konsekvensane for staten og for fylkeskommunane?
Korleis bør ein gjennomføre eventuelle forsøk med gratis
ferjetransport på vegnettet?
- Dette er nokre spørsmål som skal
vurderast nærmare i ei utgreiing som skal gjennomførast på oppdrag
frå Samferdselsdepartementet. Utgreiingsoppdraget er nyleg
kunngjort, med sikte på at utgreiinga skal vere ferdig innan 15.
desember i år, opplyser samferdselsminister Liv Signe
Navarsete.
- Ferjesambanda på riks- og
fylkesvegnettet er viktige for å sikre busetting og næringsliv
langs kysten. Regjeringa går difor inn for å redusere kostnadene
for dei som reiser med ferjer. Å gjere visse samband gratis for
alle reisande, er tiltak som og bør vurderast. Den utgreiinga som
no skal gjennomførast vil vere ein del av grunnlaget for
Samferdselsdepartementet sitt arbeid for utvikle og forbetre
transporttilbodet i kystområda, seier samferdselsministeren.
Til redaksjonen
For fleire opplysningar om utgreiing om gratis
ferjer – sjå "
Nasjonal kunngjering av konkurranse” om
oppdrag.