Historisk arkiv

Innhaldstenester på telefon og internett: Betre forbrukarvern for barn og unge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Fordi det er så enkelt å få tilgang til alle slags innhaldstenester over telefon og internett, er det behov for eit sterkare vern, særleg av omsyn til barn og unge og deira mobilbruk. Eg er difor glad for å kunne leggje fram utkast til nye føresegner som vil gjelde for alle typar såkalla fellesfakturerte innhaldstenester. Dei nye føresegnene skal sikre forbrukarane eit betre vern enn i dag, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Fordi det er så enkelt å få tilgang til alle slags innhaldstenester over telefon og internett, er det behov for eit sterkare vern, særleg av omsyn til barn og unge og deira mobilbruk. Eg er difor glad for å kunne leggje fram utkast til nye føresegner som vil gjelde for alle typar såkalla fellesfakturerte innhaldstenester. Dei nye føresegnene skal sikre forbrukarane eit betre vern enn i dag, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Samferdselsdepartementet sender i dag på offentleg høyring forslag om nye reglar om fellesfakturerte tenester. Dette er innhaldstenester som blir leverte over elektroniske kommunikasjonsnett, det vil seie anten over mobilnett, fastnett eller internett og som blir fakturert saman med grunntenesta til tilbydarane. Døme på fellesfakturerte tenester er TV-avrøystingar (til dømes "Idol"), prateliner, ringetonar, spel, spåtenester og innsamlingstenester.  

I framlegget er det foreslått at forbrukarane mellom anna skal kunne setje beløpsgrenser for kjøp av slike tenester. Dessutan skal det på førehand gjevast prisinformasjon og det blir krav om å registrere alderen til den som gjer bruk av desse tenestene.

- Barn og unge er storforbrukarar av innhaldstenester, særleg over mobiltelefonen. Eg vil at barn og unge skal få betre vern mot uønskt innhald. Eit slikt vern skal gjennomførast ved å påleggje tenestetilbydarane å sikre at barn og unge under 18 år ikkje får tilbod om tenester med grove valdsskildringar eller pornografisk innhald, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Ansvaret for at dei nye føresegnene blir følgde opp vil bli lagt til kvar einskild tilbydar av elektronisk kommunikasjonsnett og -teneste, så som til dømes Telenor, NetCom, Ventelo og Tele2.

- På denne måte vil vi hindre at forbrukarane blir ein ”kasteball” mellom tilbydar av teletenester og innhaldsleverandør, noko som ofte skjer i dag, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Det blir òg gjort framlegg om meir høvelege klageordningar når det gjeld innhaldstenester på telefon og internett. Klager på rekning skal rettast til Brukerklagenemda for elektronisk kommunikasjon. Klager som gjeld innhaldsreguleringa av tenester til barn og unge skal rettast til Medietilsynet.

Forslaget til nye føresegner er sendt ut på offentleg høyring, med 15. august i år som frist for å sende merknader og synspunkt til Samferdselsdepartementet. 

Lenkje til høyringsbrevet