Historisk arkiv

Undersøkingsgruppa om Hanekleivtunnelen:

- Opninga av nordre løp var forsvarleg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Eg er glad for å få stadfesta at dei vurderingane som Statens vegvesen gjorde da dei let trafikantar køyre gjennom det nordre løpet var riktige. Det er viktig for meg å vite at folk ikkje vart sett unødig i fare. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband at det no er lagt fram ein tilleggsrapport om raset i Hanekleivtunnelen, som tek for seg det nordre løpet etter raset 25.12.2006.

Konklusjonane frå arbeidet til undersøkingsgruppa er at det ikkje var uforsvarleg å opne det nordgåande løpet og at den seinare stenginga var forståelig. I tillegg peiker undersøkingsgruppa på at tilsvarande hendingar kan unngåas i framtida dersom ein følgjer opp tilrådinga i rapporten som vart lagd fram 15. februar. Denne  tilleggsrapporten vil inngå inn i den varsla orienteringa om saka, som vert lagt fram for Stortinget i mai.

Heile notatet om undersøkinga av Hanekleivtunnelens nordre løp finn du her