- I etatane og Avinor sine framlegg til Nasjonal transport plan har vi fått eit fagleg grunnlag for det vidare arbeidet med stortingsmeldinga om saka. Mange og vanskelege spørsmål og prioriteringar skal avklarast før stortingsmeldinga blir lagd fram i haust. Dette gjeld mellom anna samla økonomisk ramme for planperioden, fordeling av ressursar mellom ulike delar av transportsektoren og mellom ulike prosjekt, tiltak og føremål.

- No har vi fått det faglege innspelet. Eg håper vi får ein god debatt om korleis vi best mogleg skal løyse utfordringane innan samferdsel i Noreg.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at ho i dag mottok ”Forslag til Nasjonal transportplan 2010–2019” frå dei statlege transportetatene Statens vegvesen, Jernbaneverket, Kystverket og det statlege selskapet Avinor AS.

- Grunnlagsmaterialet frå transportetatane og Avinor AS blir i dag sendt til fylkeskommunane og dei store bykommunane til uttale, med svarfrist i slutten av april. Desse har ei særskild rolle i prosessen vidare, men alle organisasjonar, interessegrupper og einskildpersonar kan kome med sine synspunkt og forslag. I denne prosessen vil dessutan transportetatane og Avinor – både på sentralt og lokalt hald – vere viktige medspelarar for det arbeidet som skal skje vidare i Samferdselsdepartementet og i Fiskeri- og kystdepartementet.

- Stortingsmeldinga vil nok på ein del punkt skilje seg frå det faglege grunnlaget som vi har fått i dag. I tillegg til nærmare avklaring av økonomiske rammer og fordeling av ressursar vil eg – i denne omgang – nemne at eg særleg vil sjå nærmare på behov for rassikringstiltak ut frå klimaendringane, seier samferdselsministeren.