Aukar investeringane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 08.12.2008
Regjeringa har auka investeringane på veg og bane med mange milliardar kroner. Men det er framleis rom for å auke innsatsen monaleg, som ein del av den nye krisepakka på nyåret. Arbeidet med å få samferdselstiltak i krisepakka går føre seg for fullt.

- Regjeringa meiner at sysselsettingseffekten vil vere særleg stor ved å setje i gang vedlikehaldsprosjekt, som til dømes utbetring av vegar og jernbane, og å ruste opp ferjekaier, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Samferdselsstyresmaktene er også klare til å framskunde prosjekt som allereie er i gang, gjennom å tilføre meir midlar og framskunde oppstart av alt planlagde prosjekt:
– Det er viktig å kome i gang med planlegging av nye prosjekt, slik at desse kan setjast ut i livet tidlegare, dersom situasjonen tilseier det. Difor har vi auka midlane til planlegging i 2009, avsluttar samferdselsministeren.
Pressekontakt:
Dag H. Nestegard
Seniorrådgjevar
Informasjonsseksjonen
Samferdselsdepartementet
Telefon 22 24 81 52 - 48 17 02 09
E-post dag.nestegard@sd.dep.no