Statsrådene Dag Terje Andersen, Liv Signe Navarsete og Kristin Halvorsen- Eg er glad for at regjeringa har bestemt at det i statsbudsjettet for 2009 skal løyvast midlar til å setje i gang utbygging av dobbeltspor på den 7,7 kilometer lange strekninga Barkåker – Tønsberg på Vestfoldbanen, sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete då ho saman med nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen og finansminister Kristin Halvorsen la fram planane for vidare utbygging på Vestfoldbanen.

Utbygginga vil gje auka kapasitet og vil føre til raskare reisetid (til dømes ein reduksjon i reisetida på 3-4 minuttar på strekninga Tønsberg – Oslo), fleire tog og meir punktleg togtrafikk på Vestfoldbanen, særleg for Intercity-toga.  Utbyggingskostnaden for prosjektet Barkåker – Tønsberg er kalkulert til 1,37 milliardar kroner.

- Å legge til rette for at fleire kan reise kollektivt – særleg i dei folketette områda av landet – er ei uttrykt målsetjing for regjeringa.  Difor har vi satsa målretta på samanhengande utbygging av viktige strekningar som Lysaker – Sandvika og Stavanger - Sandnes, og avventa oppstart av nye prosjekt for å halde rasjonell framdrift og ferdigstille dei prosjekta som alt er sette i gang. 

- No er ventetida over for Vestfold, og eg ser fram til å setje spaden i jorda for dette viktige prosjektet i 2009, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.