E39 Kvivsvegen: Bør finansierast fullt ut av staten
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 35/08 | Dato: 28.03.2008
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete la på eit møte i går fram eit forslag om statleg fullfinansiering av prosjektet Kvivsvegen på E39 mellom Indre Nordfjord og Sunnmøre.
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete la på eit møte i går fram eit forslag om statleg fullfinansiering av prosjektet Kvivsvegen på E39 mellom Indre Nordfjord og Sunnmøre.
Forslaget har som vilkår at dei 45 millionar kroner som er samla som aksjekapital til bompengeselskapet vert omdisponert til forskottering utan krav om kompensasjon for prisstigning. Ved møtet deltok representantar for bompengeselskapet, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Møre og Romsdal fylke og kommunar som er omfatta av prosjektet.
- Det er opphavleg lagt til grunn delvis bompengefinansering av prosjektet. Bompengebidraget er lågt i forhold til kostnadene for prosjektet, og bompengeinnkrevjing vil føre til høg avvisning av trafikken, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
- Vi har difor etter ei vurdering kome fram til at prosjektet bør finansierast fullt ut med statlege midlar. Dette vil gi størst samfunnsøkonomisk nytte av prosjektet, seier statsråd Navarsete. Ein føresetnad må vere at aksjekapitalen på om lag 45 mill. kr som er samla inn til bompengeselskapet vil bli tilbakebetalt utan kompensasjon for prisstigning. Slik eg ser det vil dette vere ein vinn-vinn-situasjon for trafikantane, kommunane, næringslivet og staten. Eg legg vekt på at ei slik løysing ikkje skal gå ut over framdrifta i prosjektet, seier samferdselsministeren.