Historisk arkiv

Endring i forskrift:

Mindre risiko for møteulukker med ny og betre oppmerking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Ein ny type vegoppmerking, med parallelle sperreliner med rumlefelt i mellom, bør på ein del strekningar nyttast for å få god avstand mellom trafikantar i motkøyrande retning, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Ein ny type vegoppmerking, med parallelle sperreliner med rumlefelt i mellom, bør på ein del strekningar nyttast for å få god avstand mellom trafikantar i motkøyrande retning. Samferdselsdepartementet har difor no gjort vedtak om ei forskriftsending som gir heimel og reglar for å ta i bruk ein slik ny type sperrefelt, der dette kan vere eit eigna tiltak for å gjere trafikken tryggare, opplyser samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Erfaringar frå eit prøveprosjekt ved Lillehammer viser at eit slikt sperrefelt fører til større avstand mellom køyretøya og lågare fart. Forskriftsendringa gjer det mogeleg å vidareføre og utvide bruken av slike felt, som på ein del strekningar vil vere med på minske faren for møteulukker. På somme strekningar kan oppmerking av slike felt vere eit alternativ til bygging av midtrekkverk, seier samferdselsministeren.


For nærmare opplysingar – sjå:

Forskrift om endring i forskrift 7. oktober 2005 nr 219 om offentlige trafikkskilt, vegoppmerking, trafikklyssignaler og anvisninger (skiltforskfrifta), fastsett av Samferdselsdepartementet 17. juli 2008.

Omtale av forsøk ved Lillehammer

Nullvisjonsprosjektet til Statens vegvesen


For meir informasjon - ta kontakt via

Ivar Torvik
Informasjonssjef
Samferdselsdepartementet
E-post: ivar.torvik@sd.dep.no
Telefon: 22 24 81 08/ 905 10 886