Konkurranse i kollektivtransporten – på like vilkår
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 50/08 | Dato: 23.05.2008
— Eg vil ikkje ha ordningar som gjer at ein anbodskonkurranse blir vunnen ved innsparingar på grunn av at til dømes eldre arbeidstakarar med høgt sjukefråvær blir skuvd ut av arbeidsmarknaden, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at departementet no sender på høyring eit forslag om endringar i yrkestransportlova og jernbanelova.
— Eg vil ikkje ha ordningar som gjer at ein anbodskonkurranse blir vunnen ved innsparingar på grunn av at til dømes eldre arbeidstakarar med høgt sjukefråvær blir skuvd ut av arbeidsmarknaden. For samfunnet er det, samla sett, ingen gevinst at innsparingar skjer på ein måte som svekkjer lønns- og arbeidsvilkåra for vanlege arbeidstakar. Innanfor kollektivtransporten er det difor naudsynt med lovreglar som hindrar sosial dumping og sikrar konkurranse på like vilkår.
Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at Samferdselsdepartementet no sender på høyring eit forslag til endringar i yrkestransportlova og jernbanelova.
Endringane vil styrkje rettane til dei tilsette i kollektivtransporten ved at reglane i arbeidsmiljølova om arbeidstakarane sine rettar ved overdraging av verksemd også skal gjelde på same måte i alle situasjonar med konkurranse.
I framlegget til endringar blir det lagt opp til at eit føretak som får tildelt transportløyve gjennom konkurranse må forplikte seg til å sikre at dei tilsette ikkje får dårlegare lønns- og arbeidsvilkår enn det som følgjer av gjeldande landsomfattande tariffavtale eller det som elles er normalt for vedkommande stad og yrke. Ei tilsvarande plikt skal også gjelde for underleverandørar.
— Med dette framlegget følgjer regjeringa opp punktet i Soria Moria-erklæringa om å sikre arbeidstakarane sine rettar i samband med anbodskonkurransar, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.