Aldersgrensa for å kunne arbeide som buss- og drosjesjåfør skal hevast frå 70 til 75 år. Endringa vil vere knytt til aldersgrensa for å få køyresetel som gir rett til å køyre drosje eller buss i løyvepliktig persontransport. Det går fram av eit forslag til endringar i yrkestransportlova som Samferdselsdepartementet no har sendt på høyring.

— Med ei slik lovendring kjem vi i møte dei mange som ønskjer å halde fram som yrkessjåfør etter fylte 70 år. Endringa er også i tråd med ønske frå drosje- og bussnæringa, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

I forslaget er det lagt til grunn for eit krav om at sjåførar over 70 år må fornye køyresetelen kvart år fram til fylte 75 år. Ei slik fornying av køyresetel krev mellom anna ny helseattest.

— Aldersgrensa for køyresetel for løyvepliktig drosje- og busstransport har vore 70 år sidan 1979. Samferdselsdepartementet har bede helsestyresmaktene vurdere saka på nytt. Deira vurdering viser at aldersgruppa opptil 75 år har hatt ei generell betring i helsetilstanden, og det opnar for å heve aldersgrensa, seier samferdselsministeren.