Trafikkstasjonane til Statens vegvesen utførte i 2007 berre om lag 1,1 prosent av dei vel 1,1 millionar kontrollane som vart gjorde som ledd i ordninga med periodisk køyretøykontroll (EU-kontroll).  90,2 prosent av kontrollane skjedde ved dei 2300 private verkstadene som har eit slikt tilbod, medan 8,7 prosent vart utførte ved dei 55 teststasjonane til NAF.

Dette er noko av bakgrunnen for at Samferdselsdepartementet no har bede Statens vegvesen om å avvikle tilbodet med periodisk køyretøykontroll ved dei 47 trafikkstasjonane til Statens vegvesen.

— Statens vegvesen bør i staden konsentrere verksemda om kjerneoppgåvene på dette området, det vil seie utvikling av regelverk og godkjenning og tilsyn med private tilbydarar av kontrolltenester. Ei slik omlegging vil mellom anna frigjere ressursar som kan nyttast til anna kontrollverksemd og arbeid ved trafikkstasjonane. Med det tilbodet som framleis vil vere tilgjengeleg ved dei mange bilverkstadene og teststasjonane, vil bilistar i heile landet vere sikra eit godt tilbod når det gjeld periodisk køyretøykontroll. I dei tilfella der ein bileigar ikkje er einig i utfallet av den kontrollen som er utført ved ein privat verkstad, vil Statens vegvesen framleis kunne kvalitetssikre kontrollen, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Samferdselsdepartementet har elles bede om at Vegdirektoratet utarbeider og sender på høyring forslag til regelendringar i samband med omlegging av ordninga med periodisk køyretøykontroll.