- Dersom fleire brukar bilbelte, blir det færre dødsulukker og færre skadde i vegtrafikken. Auka bruk av bilbelte er eitt av fleire tiltak for å gjere trafikken enda tryggare. Eg har difor bede Vegdirektoratet om å utarbeide og sende på høyring eit forslag om at gebyrsatsen for manglande bruk av bilbelte under køyring med motorvogn skal aukast frå 750 kroner til 1 500 kroner. Ulike styresmakter og organisasjonar skal, saman med alle interesserte einskildpersonar, få høve til å seie si meining om forslaget.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at Samferdselsdepartementet har sendt eit brev til Vegdirektoratet om endring i gebyrsatsar og regelverk for manglande bruk av påbode verneutstyr. I brevet blir det mellom anna vist til at den føreslåtte hevinga i gebyrsatsen for manglande bruk av bilbelte òg bør gjelde ved manglande bruk av hjelm og barnesikringsutstyr.

I 2007 brukte om lag 90 prosent av førarane og framsetepassasjerane bilbelte ved køyring i byar og tettstader, medan bruksprosenten var på 94 prosent ved køyring på resten av vegnettet. Bruk av bilbelte påverkar i seg sjølv ikkje talet på ulukker, men gjer det mindre sannsynleg for å bli skadd. Undersøkingar viser at for førarar og framsetepassasjerar vil bruk av bilbelte gjere det  40 – 50 prosent mindre sannsynleg å bli drepen. Dersom alle nytta bilbelte til eikvar tid, ville det truleg bli 40 færre drepne ved ulukker i trafikken kvart år. 

Tal for 2006 viser at 41 prosent av alle omkomne i bilulukker ikkje hadde brukt bilbelte.

Frå 1. november: Drosjesjåførar skal bruke bilbelte

Samferdselsdepartementet har vedteke at påbodet om bruk av bilbelte under køyring med motorvogn òg skal gjelde for drosjesjåførar. Vedtaket er gjeldande frå 1. november i år. Denne gruppa av førarar har hatt eit eige unntak frå påbodet om bruk av bilbelte. Den vedteke endringa er i tråd med ønske og initiativ frå Norges Taxiforbund.


For fleire opplysningar, sjå:

Kunngjering om endring i forskrift sendt Lovdata (pdf)

Brev til Vegdirektoratet om endring i gebyrsatsar (pdf)

Brev til Vegdirektoratet om påbud om bilbelte for taxisjåførar (pdf)

Brev til Norges Taxiforbund om påbud om bilbelte for taxisjåførar (pdf) 


Fakta om bilbelte (frå nettsidene til Statens vegvesen)



For meir informasjon - ta kontakt via

Ivar Torvik
Informasjonssjef
Samferdselsdepartementet
E-post: ivar.torvik@sd.dep.no
Telefon: 22 24 81 08/ 905 10 886