Samferdselsministeren foreslår å heve aldersgrensa for køyresetel for yrkestransport med buss og drosje
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 38/08 | Dato: 14.04.2008
Aldersgrensa for å kunne arbeide som buss- og drosjesjåfør bør hevast frå 70 til 75 år, meiner samferdselsminister Liv Signe Navarsete, som med det første vil sende på høyring eit forslag til ei slik ending i yrkestransportlova.
Aldersgrensa for å kunne arbeide som buss- og drosjesjåfør bør hevast frå 70 til 75 år. Samferdselsministeren vil med det første sende på høyring eit forslag til ei slik endring i yrkestransportlova. Endringa vil vere knytt til aldersgrensa for å få køyresetel som gir rett til å køyre bil eller buss i løyvepliktig persontransport.
- Med ei slik lovendring kjem vi i møte dei mange som ønskjer å halde fram som yrkessjåfør etter fylte 70 år. Endringa er også i tråd med ønske frå buss- og drosjenæringa, opplyser samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
I forslaget er det lagt til grunn eit krav om at sjåførar over 70 år må fornye køyreattesten kvart år fram til fylte 75 år. Ei slik fornying av køyresetel krev mellom anna ny helseattest.
- Aldersgrensa for køyresetel for løyvepliktig buss- og drosjetransport har vore 70 år sidan 1979. Eg har bedt helsestyresmaktene vurdere saka på nytt. Deira vurdering viser at aldersgruppa opptil 75 år har hatt ei generell betring i helsetilstanden. Det opnar for heving av aldersgrensa, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
På bildet: Stortingsrepresentant Eirin Faldet, Bjørn Nilsen, Harald Kvernerud, samferdselsminister Liv Signe Navarsete og Frank Brotke. Nilsen, Kvernerud og Brotke er tidlegare yrkessjåførar som no er på veg attende til yrket. Foto: SD.