Kampanjen ”Spar meir enn berre drivstoff” vart i dag opna av samferdselsminister Liv Signe Navarsete ved ei markering i Sogn.

Norsk petroleumsinstitutt står bak kampanjen, som gjev råd om korleis ein bør køyre for å redusere forbruket av  drivstoff, og dermed spare miljøet.

- Slike kampanjar er viktige fordi dei  kan vere med på å redusere utsleppa av klimagassar, men også fordi dei gjev kvar enkelt av oss eit ansvar, sa statsråden under opninga på Esso-stasjonen på Hermansverk.

Dette er også bidraget frå Norsk petroleumsinstitutt i samband med den landsomfattande kampanjen ”Klimaveien”, som arbeider for å redusere CO2-utsleppa frå vegtrafikken med 10 prosent.

På stasjonane til Esso, Shell og Statoil vil kundane få informasjon om korleis dei kan spare på drivstoffet.

Kampanjen vart i dag lansert over heile Europa. Meir enn  45 000 bensinstasjonar i 29 land deltek. Om lag 30 millionar brosjyrar med råd til korleis ein kan køyre meir klimavenleg vart samstundes delte ut på bensinstasjonar over heile Europa.

 
For fleire opplysningar:

Bilete: Distriktssjef i ESSO Sven Arne Nygaarden (t.v.), samferdselsminister Liv Signe Navarsete og Bjarne Haugen, som driv bensinstasjonen på Hermansverk der kampanjen vart lansert. Foto: Samferdselsdepartementet.