Historisk arkiv

Slutterklæring frå OECD-konferanse:

Eit globalt Internett er ein del av løysinga på klimaproblema

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

67/08

- Deltakarane på møtet her i Seoul har vorte samde om å gjere det enklare for folk i alle delar av verda å få tilgang til Internett. Eit globalt internett vil i sin tur gjere det enklare å løyse klimaproblema. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i ein kommentar til slutterklæringa frå eit OECD-møte i Sør-Korea.

- Sjølv om nesten alle i Noreg har tilgang til Internett, er det på verdsbasis berre 20 prosent som har slik tilgang. Deltakarane på møtet her i Seoul har vorte samde om å gjere det enklare for folk i alle delar av verda å få tilgang til Internett. Eit globalt internett vil i sin tur gjere det enklare å løyse klimaproblema. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i ein kommentar til slutterklæringa frå eit OECD-møte i Seoul i Sør-Korea, der framtid for ”Internett-økonomien” var hovudemne.

Slutterklæringa tek for seg ei rekkje ulike emne. Eit sentralt punkt deltakarlanda er einige om, er visjonen om at Internett og tilhøyrande informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) skal nå fram overalt. WWW er ei forkorting for World Wide Web, men veven er framleis ikkje tilgjengeleg for alle. Mange har ikkje eingong høyrt om fenomenet.

-  Vi skal støtte opp om arbeidet for at fleire skal få tilgang til Internett, ikkje minst i utviklingslanda. Dersom utbreiinga av Internett og den tilhøyrande økonomien får gode vilkår, vil det vil gje moglegheiter for utvikling i alle land. Vidare kan global spreiing av kunnskap om internasjonale utfordringar gjere det enklare å samarbeide om gode fellesløysingar. For å kome klimaproblema til livs, vil difor Internett vere eit viktig hjelpemiddel, seier samferdselsministeren.


Les slutterklæringa frå konferansen (engelsk, pdf): http://www.oecd.org/dataoecd/49/28/40839436.pdf

Les oppsummeringa av konferansen her (engelsk, pdf): http://www.oecd.org/dataoecd/14/7/40863707.pdf

Sjå samferdselsministeren kommentere frå Seoul på YouTube: http://www.youtube.com/watch?v=1lO7F28ypDQ


For ytterlegare kommentarar frå samferdselsministeren, ta kontakt via

Anne Tingelstad Wøien
Politisk rådgjevar (Sp)
Samferdselsdepartementet
E-post: anne.tingelstad-woien@sd.dep.no
Tlf.: 902 84 261