Historisk arkiv

Universell utforming av forstads- og ekspressbussar:

Eit betre reisetilbod til dei funksjonshemma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Universell utforming vil gje betre reisekvaliteten for alle passasjerar, og i tillegg betre tilbod til dei funksjonshemma, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

 - Universell utforming vil gje betre reisekvaliteten for alle passasjerar, og i tillegg betre tilbod til dei funksjonshemma. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at Samferdselsdepartementet i dag sender ut på høyring eit framlegg om forskrift med nye krav til universell utforming av forstads- og ekspressbussar.

- Universell utforming betyr at infrastruktur og transportmiddel skal utformast slik at kollektive transportløysingar i så stor grad som mogleg kan nyttast av alle menneske, i alle aldrar og med ulike føresetnader, seier Navarsete.

Frå før av er det berre bussar i klasse I, eller såkalla bybussar, som må oppfylle krav til universell utforming. Dette er fastsett i ei forskrift om kjøretøy med heimel i vegtrafikklova. I den nye forskrifta blir det gjort framlegg om å gjere desse krava gjeldande også for forstads- og ekspressbussar (klasse  II og III), som heilt eller delvis blir brukt innan ramma for eit ruteløyve.

I høyringsforslaget blir det mellom anna gjort framlegg om krav til høgde på trinn ved innstiging på buss. Vidare skal det vere eit minimum av reserverte seter for rørslehemma passasjerar, og det setjast krav til utforminga av slike seter. Førarhund skal det òg vere plass til, og det vil vere krav til mellom anna merking av slike sete.
Det skal vidare vere automatisk annonsering av haldeplass med tale og elektronisk tavle inne i bussen, plassert slik at tavla kan sjåast tydeleg frå reservert plass. Forslaget inneheld òg krav om rampe for rullestol og eigne plassar for rullestolar i buss, inkludert krav til sikring og merking av slike plasser.

- Med dette framlegget vil den norske forskrifta gå lenger enn det som er pålagd gjennom EØS-avtala. Til dømes gjeld dette kravet om automatisk annonsering av haldeplass med tale og elektronisk tavle. Elles er fylkeskommunane ansvarlege for lokal kollektivtransport. Det er derfor viktig for meg å poengtere at det er ingen ting i vegen for at løyvemyndigheita, det vil seie fylkeskommunane, kan stille ytterlegare krav til materiellet enn det som går fram av forskrifta, seier samferdselsministeren.

Når det gjeld særskilt løyve for transport for funksjonshemma og for drosjer der det for det einskilde løyve stilt særskilte krav om tilpassing til transport for personar funksjonsevne, vil krava bli samla i forskrifta.

Høyringsfristen går ut 2. oktober 2008. Forskrifta trer etter planen i kraft 1. januar 2009, og det blir føreslått at krava skal gjelde for dei som skaffar seg motorvogn etter denne datoen.

Les framlegget til høyring

For ytterlegare kommentarar frå samferdselsministeren, ta kontakt via

Edvard Andersen
Rådgjevar, Informasjonsseksjonen
Samferdselsdepartementet
E-post: edvard.andersen@sd.dep.no
Telefon: 22 24 83 79/905 11 667