Historisk arkiv

10 prosent rabatt i bomstasjonar med AutoPASS

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Alle som passerer med brikke i ein bomstasjon med AutoPASS vil etter kvart kunne få 10 prosent rabatt, same kva for eit bompengeselskap ein har avtale med. Både bilistane og bompengeselskapa vil vere tente med ei slik ordning, som mellom anna kan leggje til rette for at fleire bruker brikke, seier statssekretær Geir Pollestad.

- Alle som passerer med brikke i ein bomstasjon med AutoPASS vil etter kvart kunne  få 10 prosent rabatt, same kva for eit bompengeselskap ein har avtale med. Både bilistane og bompengeselskapa vil vere tente med ei slik ordning, som mellom anna kan leggje til rette for at fleire bruker brikke. Auka bruk av AutoPASS-brikke vil vere med på å redusere kostnader for drift og administrasjon av bompengeordningar. Lågare kostnader vil igjen gje meir pengar til bygging av veg.  

Dette seier statssekretær Geir Pollestad i samband med at Samferdselsdepartementet, i eit brev til Vegdirektoratet, gjev sin tilslutnad til eit forslag frå direktoratet om at ein slik rabatt på 10 prosent skal takast inn i takstretningslinene for bompengeordningar.

- Alle bompengeanlegg som er under planlegging kjem til å innføre denne rabatten. Eg vil  elles oppmode om at rabatten blir innført for eksisterande  bompengeprosjekt, i tråd med dei nye takstretningslinene.  Ein slik rabatt blir alt gjeven i bomringen i Oslo og Bærum og på Svinesundsambandet. Rabatten blir også innført på E18 i Vestfold og på E6 nord for Gardermoen, seier Pollestad.

Ved utgangen av 2009 vil det vere 50 bompengeprosjekt i drift i Noreg. 34 av desse vil ha AutoPASS.