Historisk arkiv

Evaluering av riksvegferjetilbodet:

Tre av fire ferjesamband er samfunnsøkonomisk lønnsame

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Det er eit fantastisk næringsliv og mykje aktivitet langs store delar av kysten. Det gjer at dei aller fleste ferjesambanda òg i samfunnsøkonomisk forstand er lønnsame. Rapporten viser at det har vore rett av regjeringa å styrkje innsatsen for å få eit betre ferjetilbod, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Det er eit fantastisk næringsliv og mykje aktivitet langs store delar av kysten. Det gjer at dei aller fleste ferjesambanda òg i samfunnsøkonomisk forstand er lønnsame. Rapporten viser at det har vore rett av regjeringa å styrkje innsatsen for å få eit betre ferjetilbod. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at Høgskolen i Bodø på oppdrag frå Samferdselsdepartementet har levert rapporten ”Verdisetting av riksvegfergetilbudet i Norge”.

- Regjeringa er oppteken av å styrkje grunnlaget for busetjing og næringsutvikling i heile landet. Resultata i rapporten frå Høgskolen i Bodø vil inspirere regjeringa i arbeidet som leggast ned for å styrkje ferjetilbodet ytterlegare i åra framover, seier samferdselsministeren.

Den totale nytten for brukarane av riksvegferjetilbodet er berekna til å vere om lag 6,1 milliardar kroner årleg. Den samfunnsøkonomiske lønnsemda av riksvegferjetilbodet er berekna til om lag 4,3 milliardar kroner. Til samanlikning er utgiftene til staten til kjøp av riksvegferjetenester 1,755 milliardar kroner årleg. 76 samband bidreg positivt til den samfunnsøkonomiske lønnsemda, medan 21 samband blir drivne med samfunnsøkonomisk underskot.

- Dei 21 ulønsame  sambanda blir drivne ut frå ei målsetjing om å oppretthalde busetjinga langs kysten. Desse ferjestrekningane betener hovudsakleg små stader, og eit fråfall av ferjetilbodet vil gjere det nærmast umogleg å halde på busetjinga, seier samferdselsministeren.  

Målsetjinga til prosjektet har vore å gi avgjerdstakarar kvalifisert informasjon om korleis riksvegferjepassasjerane verdset  ferjetenestene , medrekna korleis ulike brukargrupper rangerer dei ulike delane i ferjetilbodet. Resultata av rapporten skal etter planen nyttast som grunnlag når må prioritere mellom driftsfaktorar som til døme ferjestorleik, takstendringar, rabattordningar. Dette er særleg aktuelt i samband med at fylka, som eit resultat av forvaltningsreforma, overtek 78 av 95 riksvegferjesamband  frå 1. januar 2010. Resultata  frå rapporten har òg verdi for forvaltninga av dei riksvegferjene som staten framleis skal ha ansvaret for. 

Senter for innovasjon og bedriftsøkonomi ved Handelshøgskolen i Bodø har i perioden juni 2008 til mai 2009 arbeidt med prosjektet ”Trafikantnytte i riksvegferjesektoren” på oppdrag frå Samferdselsdepartementet. 

For fleire opplysningar – sjå rapporten: