Bruk av bilbelte er eit av dei viktigaste tiltaka for å gjere det sikrare å ferdast på norske vegar. Bruk av bilbelte reduserer risikoen for å bli drepen med 40- 50 prosent for førar og forsetepassasjer og med om lag 25 prosent for baksetepassasjerar. Tilstandsundersøkingar viser at om lag 10 prosent av dei som køyrer bil vel å ikkje bruke bilbelte.

- For regjeringa er dette talet for høgt. Med ein auke av bilbeltegebyret påverkar vi også den resterande 10 prosenten til å bruke bilbelte, seier samferdselsministeren.

I statsråd i dag er det fastslått endringar i forskrift om gebyr for visse overtredingar av vegtrafikklovgjevinga, slik at gebyret for manglande bruk av bilbelte, hjelm og sikring av barn i køyretøy aukar frå 750 til 1500 kroner. Ut frå omsynet til trafikktryggleik for den enkelte, er det viktig å bruke hjelm og barnesikringsutstyr. Eit auka gebyr vil og gjelde der sjåføren ikkje overheld si plikt til å sjå til at barn under 15 år brukar bilbelte.

Den nye gebyrsatsen trer i kraft frå 1. juli 2009.

Lenkje til: 

Forskrift av 12. juni 2009 om endringer i forskrift 17. september 1993 nr. 885 om gebyr for visse overtredelser av vegtrafikklovgivningen.