Samferdselsdepartementet vil gå gjennom regelverket  for køyring med breie landbruksmaskinar på offentleg veg. Målet er å kome fram til reglar som tek omsyn til trafikktryggleiken, og som samstundes i større grad kjem i møte dei behov som landbruket har. Ei gruppe, med deltakarar frå organisasjonar og styresmakter, skal innan 1. juni i år gå gjennom regelverket og kome med framlegg til endringar. 

-  Eg er oppteken av å få til eit regelverk som tek omsyn til trafikktryggleik, men som òg gjer det mogleg med moderne landbruksdrift. Eg er uviss på om regelverket vi har i dag er føremålstenleg, og om det er tilstrekkeleg tilpassa trafikkmønsteret og strukturane i landbruksnæringa, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

I det siste har det vore vesentleg merksemd knytt til den såkalla ”femkilometersregelen”. Regelen går ut på at landbruksreiskap med ei breidd på mellom 2,55 og 3,50 meter kan køyrast på offentleg veg over ei kort strekning. Vegdirektoratet har i si handheving av regelverket lagt til grunn at grensa for ei slik ”kort strekning” går ved fem kilometer.  Med dagens bruksstruktur, med aukande innslag av leigejord og samdrifter, kan dette skape problem for landbruket. Den lengste avstanden mellom bruk tilhøyrande ei samdrift kan vere 34 kilometer.

- Inntil forslaga frå gruppa ligg føre, vil eg be Vegdirektoratet legge til grunn denne grensa i si forståing av regelverket, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

 

For ytterlegare opplysningar - sjå

Forskrift om bruk av kjøretøy (pdf)