Historisk arkiv

Kystruta Bergen – Kirkenes:

Utlysing av ny anbodskonkurranse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Samferdselsdepartementet skal utlyse ein ny anbodskonkurranse om statleg kjøp av sjøtransporttenester på kystruta Bergen – Kirkenes. Staten skal kjøpe gjennomgåande seglingar kvar dag heile året, med krav om same seglingsmønster som i dag og med dei same anløpa, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Samferdselsdepartementet skal utlyse ein ny anbodskonkurranse om statleg kjøp av sjøtransporttenester på kystruta Bergen – Kirkenes. Staten skal kjøpe gjennomgåande seglingar kvar dag heile året, med krav om same seglingsmønster som i dag og med dei same anløpa. Det vil bli utlyst konkurranse om ei samla pakke for alle skip.  Med dette opplegget vil regjeringa sikre at folk og næringsliv får eit godt transporttilbod. Kystruta Bergen – Kirkenes spelar ei viktig rolle som transportør av både personar og gods. Reiselivet langs kysten nyt òg godt av å ha ei gjennomgåande kystrute, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Samferdselsdepartementet arbeider no med å klargjere detaljane i grunnlaget for anbodskonkurransen, med sikte på kunngjering av anbodskonkurransen innan utgangen av året.

Kystruta Bergen – Kirkenes blir i dag driven av reiarlaget Hurtigruten ASA. Gjeldande avtale kom i stand etter ein anbodskonkurranse i 2004, og  vart inngått mellom staten og reiarlaga Ofotens og Vesterålens Dampskipsselskap og Troms fylkes Dampskipsselskap. Dei to selskapa slo seg seinare saman til eitt selskap. Den noverande avtalen vart teikna for perioden 2005 – 2012, med ein einsidig rett for staten til å kunne forlengje avtalen med eitt år.

Hurtigruten ASA opplyste i fjor at selskapet ikkje lenger kunne stå ved avtalen i si opphavlege form. For å sikre grunnlag for vidare drift inntil vidare vart det hausten 2008 inngått ein tilleggsavtale med selskapet, og selskapet vart gjeve ei statleg tilleggsløyving på 125 millionar kroner i 2008. Selskapet vil i  attverande avtaleperiode få tillegg i vederlaget frå staten.