Historisk arkiv

Nye retningsliner for innløysing av bustader i framtidige vegliner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Eigarar av bustader som vert omfatta av vegutbygging skal på visse vilkår få rett til innløysing av bustad som ligg i framtidige vegliner og som difor må rivast, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Eigarar av bustader som vert omfatta av vegutbygging skal på visse vilkår få rett til innløysing av bustad som ligg i framtidige vegliner og som difor må rivast. 
- Gjennomføring av vegprosjekt kan trekkja ut i tid, og eigaren kan av særlege grunnar ønskja å flytta før Statens vegvesen har behov for å kjøpa bustaden. Ved ordinært sal kan det oppstå økonomisk tap, fordi slike bustader kan vera vanskelege å selja. Nye retningsliner skal bøta på dette ved at Statens vegvesen løyser inn bustaden, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Dette går fram av ei orientering som er teken inn i framlegget til statsbudsjett for 2010. Samferdselsdepartementet går inn for at dei nye retningslinene skal innførast frå 1. januar 2010. Retningslinene vil gi ein bustadeigar rett til innløysing når dess vilkåra er oppfylte:

• Ein vedteken reguleringsplan må liggja føre
• Bustaden må rivast
• Bustaden vert nytta av eigaren som heilårsbustad
• Bustaden vart kjøpt av eigaren før reguleringsplanen vart vedteken

Samferdselsdepartementet legg òg opp til at bustader som vert innløyste før Statens vegvesen har behov for det, skal løysast inn med den marknadsverdien bustaden ville hatt dersom det var ein føresetnad at han ikkje skulle rivast.

Nye retningsliner for nytt riksvegnett

I og med at ein vesentleg del av dagens riksvegnettet vert overførd til fylkeskommunane frå 1. januar 2010, vil verkeområdet for dei nye retningslinene vera avgrensa til det nye statlege vegnettet - riksvegane. Det bør vera opp til fylkeskommunane om dei vil nytta dei same prinsippa for det nye samla fylkesvegnettet, går det fram av orienteringa frå Samferdselsdepartementet.

I orienteringa vert det elles vist til at ein vil vurdera å innføre tilsvarande retningsliner for jernbanesektoren.

Gjeldande retningsliner

Etter gjeldande retningsliner kan Statens vegvesen - under visse føresetnader – løysa inn bustader. Bustaden må vera knytt til eit prosjekt som er prioritert i Nasjonal transportplan. I tillegg må vegtraseen vera fastlagd i vedteken kommunedelplan eller rekna for avgjort på annan måte.

For fleire opplysningar – sjå:

• Prop. 1 S  (2009-2010), side 74

For meir informasjon – ta kontakt via Samferdselsdepartementets pressevakt, tlf. 919 14 777 (kvardagar 8-16)