Nytt transport- og logistikkforum:
Effektiv og miljøvenleg næringstransport byggjer landet!
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 24.08.2009
- Gode kommunikasjonar er noko av det viktigaste styresmaktene kan bidra med for å fremje verdiskaping og utvikling av arbeidsplassar i heile landet. Regjeringa har difor lagt stor vekt på behova til næringslivet i utforminga av Nasjonal transportplan 2010-2019, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med det første møtet i Samferdselsdepartementets transport- og logistikkforum.
- Gode kommunikasjonar er noko av det viktigaste styresmaktene kan bidra med for å fremje verdiskaping og utvikling av arbeidsplassar i heile landet. Regjeringa har difor lagt stor vekt på behova til næringslivet i utforminga av Nasjonal transportplan 2010-2019. Ikkje berre skal løyvingane aukast kraftig i åra framover, innretninga i transportplanen er også viktig for at næringslivet skal kunne redusere sine transportkostnader med 31 milliardar kroner i tiårsperioden. Til dømes legg vi til rette for om lag ei dobling av godskapasiteten på jernbane. Det vil gje reduserte utslepp av CO2 og tryggare vegtrafikk fordi veksten i godstransport på veg blir redusert. Eit hovudgrep er å fjerne flaskehalsar i vegnettet slik at vi får ein langt betre og mykje meir samanhengjande vegstandard og betre samankopling mellom dei ulike transportslaga.
Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med det første møtet i Samferdselsdepartementets transport- og logistikkforum. Dette nyoppretta forumet er kome i stand på bakgrunn av erfaringane ein har hatt i samarbeidet mellom næringslivet og Samferdselsdepartementet i samband med utarbeiding av Nasjonal transportplan 2010-2019.
- Forumet skal vere ein møteplass for utveksling av erfaringar og synspunkt mellom Samferdselsdepartementet og næringslivet, både som brukarar og tilbydarar av transporttenester. Eg vonar at forumet skal løfte fram og setje eit sterkt lys på overordna spørsmål som gjeld næringslivet sitt behov for effektiv og berekraftig godstransport og logistikk, med særleg vekt på saker og problemstilingar på tvers av sektorar og bransjar. Det er viktig å få fram forhold som styresmaktene kan gjere noko med, men forumet må òg vere med på å få fram kva næringslivet sjølv kan gjere. Mitt mål er at forumet skal bidra til å styrkje arbeidet med meir effektive transportar, seier samferdselsministeren.
Samferdselsdepartementet skal vere sekretariat for forumet, som har 22 representantar frå eit vidt felt av organisasjonar og verksemder innanfor næringslivet.
For fleire opplysningar – kontakt:
• Statssekretær Erik Lahnstein, Samferdselsdepartementet, 22 24 8107 eller 90 56 28 93
• Seniorrådegjevar Olav Grimsbo, Planseksjonen, Samferdselsdepartementet, 22 24 81 10 eller 905 68 520