Høyring
Rapport om liberalisering av postmarknaden
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 05.03.2009
- Denne utgreiinga vil vere eit godt utgangspunkt når vi skal ta stilling til om attverande einerett i postmarknaden skal opphevast, sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete då ho i dag mottok ein rapport om effektar av ein liberalisering av den norske postmarknaden. Rapporten er no sendt på høyring.
- Denne utgreiinga vil vere eit godt utgangspunkt når Samferdselsdepartementet skal ta stilling til om attverande einerett i den norske postmarknaden skal opphevast. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at ho i dag mottok rapporten ”Effekter ved en liberalisering av det norske postmarkedet” frå Samfunns- og næringslivsforskning.
Forskarane har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet utgreitt moglege konsekvensar av ei eventuell full liberalisering av postmarknaden. Rapporten tek for seg konsekvensane av liberalisering for mellom anna postselskapa, kundane, dei tilsette og tenestetilbodet i heile landet.
- Eg vil no setje meg inn i innhaldet og tilrådingane i rapporten. For å sikre at alle argument kjem fram før regjeringa tek si avgjerd vil rapporten no bli send på ei brei høyring, seier samferdselsministeren.
Frist for å kome med innspel til høyringa er 22. april 2009.