Historisk arkiv

Regjeringa legg til rette for betre mobilt breiband

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa vil sikre eit godt breibandstilbod over heile landet. No har regjeringa avgjort at frigjorte frekvensressursar frå den digitale dividenden skal brukast til moderne mobile kommunikasjonstenester og mobilt breiband over heile landet.

Regjeringa er oppteken av å sikre eit godt breibandstilbod over heile landet. No har regjeringa avgjort at frigjorte frekvensressursar frå den digitale dividenden skal brukast til moderne mobile kommunikasjonstenester og mobilt breiband landet over.

- Eg er særs nøgd med dette, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. Ein fersk rapport frå Nexia viser at bruk av desse frekvensane vil kunne redusere kostnaden for å dekke dei som ikkje får mobilt breiband på kommersielt grunnlag med om lag ein milliard kroner. Det er sjølvsagt gledeleg og ein viktig del av regjeringas strategi for superbreiband, seier Navarsete.

- Ein velutvikla breibandsinfrastruktur med høg kapasitet er nødvendig for at samfunnet skal fungere godt og for å hindre at det oppstår eit stort skilje mellom tenestetilbodet i distrikta og sentrale strok, seier samferdselsministeren vidare.

Digital dividende

Frekvensbandet utgjer den øvre delen av den såkalla digitale dividenden – frekvensressursar som blir tilgjengeleg etter overgang til digitalt fjernsyn.

Desse frekvensane gir betre dekning enn andre frekvensressursar som vert nytta til mobilkommunikasjon. Radiosignala når lenger og følgjer landskapet betre enn signal basert på høgare frekvensar. Sidan ein dermed treng færre basestasjonar blir det betydeleg rimelegare å bygge ut eit godt mobilt breibandsnett i heile landet med desse frekvensane.

Styresmaktene legg opp til å tildele frekvensane ved ein auksjon i løpet av 2010.

Kontaktperson:
Statssekretær Hege Solbakken, mobil 911 04 141