Historisk arkiv

Samferdselsministeren vil greie ut alternativ til ferjesamband mellom Moss og Horten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete vil ha ei utgreiing som gjeld fast samband mellom Moss og Horten: - Difor har eg gjeve Vegdirektoratet beskjed om å starte arbeidet med ei konseptvalutgreiing av fast vegsamband.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete vil ha ei utgreiing som gjeld fast samband mellom Moss og Horten: - Difor har eg gjeve Vegdirektoratet beskjed om å starte arbeidet med ei konseptvalutgreiing av fast samband.

- Ferjesambandet Moss-Horten er det mest trafikkerte i landet, og eit eventuelt fast samband vil bety mykje for folk og næringsliv i dei to fylka.  Kvalitetssikring hjelper oss med å velje konsept for store investeringstiltak og med å ta stilling til kva ein skal gå vidare med i planlegginga. Første steg i kvalitetssikringa vil vere å lage ei konseptvalutgreiing, seier samferdselsministeren.

Ei konseptvalutgreiing vil ta for seg behovet for eit slikt samband og ulike alternativ, før ein eventuelt kan gå vidare med prosessen. 

Lokale styresmakter har uttrykt ønske om å starte planlegging i tråd med plan- og bygningslova. For eit prosjekt som er så omfattande må det gjennomførast ei kvalitetssikring (KS1) i tidleg planfase. Kravet om slik kvalitetssikring gjeld for statlege investeringsprosjekt som er rekna å koste over 500 millionar kroner, og denne kvalitetssikringa skal gjennomførast på oppdrag frå Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet.

Slutthandsaminga av kvalitetssikringa skal vere klar til neste rullering av Nasjonal transportplan, det vil seie ved framlegging av stortingsmeldinga om NTP 2014-2023.