Historisk arkiv

Samferdselsministeren vil skjerpe ordninga for prikkbelastning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete vil skjerpe ordninga som gjeld prikkbelastning for bilførarar etter at ho i dag mottok ein rapport om dette frå ei arbeidsgruppe oppnemnt av Samferdselsdepartementet.

Ill.: Raspport om prikkbelastningSamferdselsminister Liv Signe Navarsete vil skjerpe ordninga som gjeld prikkbelastning for bilførarar etter at ho i dag mottok ein rapport om dette frå ei arbeidsgruppe oppnemnt av Samferdselsdepartementet.

– I arbeidet med å gjere det tryggare å ferdast på vegane våre, er det fleire forslag i rapporten som vil vere viktige. Dei viktigaste tilrådingane gjeld fleire prikkar per brot på trafikkveglovgjevinga, og dobbel prikkbelastning av ferske førarar med prøvetid. Ferske førarar er diverre oftare involverte i ulukker, difor er eg oppteken av å gje eit tydeleg signal til denne gruppa om at dei raskare vil miste sertifikatet dersom dei bryt trafikkreglane, seier samferdselsministeren som no vil sende rapporten ut på høyring.

Føremålet med arbeidet har vore å foreslå endringar som kan auke trafikktryggingseffekten av ordninga. Dei fleste av endringane vil kunne gjennomførast raskt og utan lovendring.

I hovudkonklusjonen i rapporten heiter det at ein tilrår å skjerpe prikkbelastningsordninga ved å påleggje fleire prikkar per overtreding. Gruppa tilrår å halde på åtte prikkar som øvre grense, men at ein skjerpar ordninga ved at ein som hovudregel no får tre prikkar for kvart brot. Årsaka til at ein ikkje går inn for å seinke talet på tillatne prikkar frå åtte til seks er at ein da unngår kompliserte overgangsreglar. 

Gruppa foreslår og at førarar i prøveperioden, dei to fyrste åra etter avlagt førarprøve, får dobbel prikkbelastning ved brot på trafikkreglane. Rapporten viser til at førarar i prøveperioden har mykje høgare ulukkesrisiko enn førarar med lenger erfaring og foreslår difor strengare reglar for denne gruppa ut ifrå det overordna føremålet med prikkbelastningsordninga og ut ifrå dagens ulukkesbilete der ferske sjåførar ofte vert ramma.

Etter gjeldande forskrift vert det sendt ut varslingsbrev når føraren er registrert med seks prikkar. Ein auke av talet på prikkar per lovbrot, vil bety at grensa for slike varsel vert oppnådd etter færre lovbrot. Grensa for utsending av varslingsbrev vert difor føreslått senka til fire prikkar.

Gruppa tilrår òg oppstart av eit naudsynt lovarbeid for å sikre automatisk tap av førerett der ein førar har fått åtte prikkar eller fleire. Rapporten held også fram at det er avgjerande for å kunne få ei effektiv ordning i samsvar med intensjonen, at politiet i si operative teneste, kan sikrast direkte tilgang til prikkregisteret.

Det er underdirektør Lasse Lager frå Samferdselsdepartementet som har leia arbeidsgruppa, som elles har bestått av representantar frå Samferdselsdepartementet,  Justis- og politidepartementet, Politidirektoratet, Vegdirektoratet, og Utrykkingspolitiet.

Sjå også:

 

Kontaktperson:

Dag H. Nestegard
Seniorrådgjevar
Informasjonsseksjonen
Samferdselsdepartementet
Kontor: 22 24 81 52
Mobil: 48 17 02 09