Historisk arkiv

Vegtrafikkulukker, 2009:

- Særs positivt at talet på omkomne i trafikken går ned

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Det er særs positivt at talet på omkomne går ned, sjølv om 212 drepne i 2009 er 212 for mange. Når den langsiktige trenden syner færre omkomne i vegtrafikken, er det eit tydeleg teikn på at tiltak og haldningskampanjar nyttar. Vi vil difor fortsatt leggja vekt på trafikktryggleik og visjonen om null drepne og varig skadde i trafikken.

Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at Statistisk sentralbyrå (SSB) i dag har presentert tal som syner at 212 personar omkom i vegtrafikkulykker i Noreg i fjor - det lågaste talet sidan 1954.

186 dødsulukker med totalt 212 omkomne vart registrerte på norske vegar i 2009, og det var 51 færre dødsulukker og 43 færre omkomne enn året før. Ulukkestala varierer mykje frå år til år, men den langsiktige trenden syner ein vesentleg reduksjon, særleg for dei alvorlege ulukkene. Ifølgje SSB var gjennomsnittet for tiårsperioden 2000-2009 235 dødsulukker og 263 omkomne per år. Gjennomsnittet for føregåande tiårsperiode var 306 omkomne per år.

For fleire opplysningar -  sjå: www.ssb.no/vtu

For meir informasjon – ta kontakt via:

  •  Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf. 919 14 777 (kvardagar 08-16)