Historisk arkiv

21,1 millionar kroner til betre kollektivtilbod i distrikta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har fordelt i alt 21,1 millioner kroner til prøveprosjekt for å betre det kollektive transporttilbodet i distrikta.

- I distrikta er det òg behov for eit fleksibelt kollektivtilbod. Eg er glad for å kunna medverka til etablering av nye ruter og erfaringsutveksling mellom fylkeskommunane. Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at Samferdselsdepartementet fordeler om lag 21 millionar kroner frå stønadsordninga ”Kollektivtransport i distrikta”.

Denne forsøksordninga skal styrkja utvikling av kollektivtilbodet i distrikta gjennom utprøving og formidling av erfaringar frå ulike prosjekt. Årets tildeling er den fjerde i rekkja, og går både til vidareføring av noverande prosjekt og til nye prosjekt. Ved tildeling av midlane har ein prioritert prosjekt som har overføringsverdi til andre fylke.

Utgreiing og utprøving av bestillingstransport, anten til rutegåande kollektivtransport eller til kommunesenteret, er ein fellesnemnar for fleire prosjekt. Andre tema er samordning av gjeldande ruter inn i nye tilbod, gjennomgåande billettering og felles rutetabell for kollektivtransporttilbodet på staden, offentleg transport og samordning overfor helsesektoren og utvikling av knutehaldeplassar.

Prosjekt som får stønad i 2010 (* = nytt prosjekt):

Søkjar

Prosjekt

Forslag til tildeling i kr

Østfold

Ut for 15 - Etablering av nye tingingsruter til honnørreisande.

1 301 906

Buskerud

Tiltak i Modum og Sigdal kommune (kveldsrute)

350 000

Telemark

1) Samorda informasjon og marknadsføring om kollektivtrafikken i Telemark *
2) Tilrettelegging for nye brukargrupper på ekspressbuss, og direkte busstransport retta mot pasientreiser i Telemark *

1 100 000

315 000

Aust-Agder

1) Tilbringarteneste til Vegårdshei stasjon
2) Kveldsruter til Froland *

325 000
275 000

Oppland

Betre kollektivtilbod i Lillehammerregionen 2007-2010

5 200 000

Hedmark

1) Anropsstyrt, offentleg betalt transport i Østerdalen (Tolga).
2) ”Storbyløsning for småbyer” (Elverum/Hamar) *

1 125 000
1 600 000

Rogaland

1) Tingingsruter i Dalaneregionen
2) Tingingsrute Suldal

350 000
100 000

Hordaland

1) Vidareføring av tingingsruta i Eidfjord
2) ”Servicebussen er her” – tingingsrute i Sund kommune *
3) Tilrettelagt arbeidsrute i Nordhordland *
4) Utvida rutetilbod i Tysnes kommune*

75 000
50 000
245 000
95 000

Sogn- og
Fjordane

1) Treningsruter for born og unge
2) Trygt heim for ein 50-lapp *

750 000
950 000

Møre- og
Romsdal

1) Eiksund-sambandet –Garneskrysset *
2) Knutepunkt Bruhagen og Atlanterhavstunnelen*
3) Kollektivplan Molde kommune

300 000
600 000
426 000

Sør-Trøndelag

Forprosjekt om samordning av offentleg betalte transportar i Sør-Trøndelag *

375 000

Nord-Trøndelag

Vidareutvikling av tingingstransport i Nord-Trøndelag

4 200 000

Troms

Utvida arbeids-, service- og fritidsrute mellom kommunesenteret Moen og Heggelia *

980 000

Totalt i mill kr

 

21 087 906


Ei evaluering av ordninga ”Kollektivtransport i distrikta” skal etter planen vera klar 1. mai 2010.