Anbodsprosessen for E6 Møllnes - Kvenvik – Hjemmeluft vert avlyst
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 46/10 | Dato: 09.06.2010
- Eg har i dag gjeve melding til Statens vegvesen om å avlysa anbodsprosessen for E6 Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft i Finnmark inntil det føreligg ein plan for fullfinansiering av dette prosjektet, seier samferdselsministeren.
- Eg har i dag gjeve melding til Statens vegvesen om å avlysa anbodsprosessen for E6 Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft i Finnmark inntil det føreligg ein plan for fullfinansiering av dette prosjektet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
I stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2010-2019 og i forslag til statsbudsjett for 2010 er det føresett delvis bompengefinansiering for prosjektet E6 Møllnes - Kvenvik – Hjemmeluft. Det var såleis lagt til grunn at 160 millionar kroner av ein samla kostnad på om lag 645 millionar 2010-kroner skulle finansierast med bompengar.
- I forslaget til statsbudsjett for 2010 er det varsla at det kan vera aktuelt å gjennomføra utbygging av delstrekninga Møllnes - Kvenvik med statlege midlar, dersom endeleg avklaring av bompengeopplegg for heile prosjektet viser seg å ta lang tid. Alta kommunestyre har i møte 22. februar i år vedteke å be staten fullfinansiera utbygginga av E6 vest for Alta. Kommunen går såleis imot delvis bompengefinansiering av prosjektet.
- Regjeringa meiner samanhangande utbygging av vegprosjekt er viktig, slik at vi får mest mogleg veg for pengane. Dette gjeld også delstrekningar som er ledd i større utbyggingsprosjekt. E6 Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft er eit slikt døme.
- Dersom vi godtek delvis utbygging av eitt prosjekt som er føresett finansiert i ein kombinasjon av statlege midlar og bompengar, kan det få konsekvensar for mange andre prosjekt i Nasjonal transportplan. Det er på denne bakgrunnen eg no finn det naudsynt å gi melding om å stansa anbodsprosessen som gjeld Møllnes – Kvenvik - Hjemmeluft, for så å starta opp att når det føreligg ein plan for fullfinansiering av prosjektet. Eg kjem til å halda kontakt med Alta kommune om saka, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Sjå også brev av 9. juni 2010 til Vegdirektoratet